Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Tilleggsstoff

Dramaturgi i realityseriar

Del klassen inn i grupper på to elevar. Kvar gruppe vel ein episode frå ein realityserie og lagar eit notat der dei gjer greie for måten episoden er bygd opp på (dramaturgien).

Gruppeoppgåve

Beskriv dramaturgien både med ord og i form av ei grafisk framstilling (dramaturgimodell).

To og to grupper går så saman og samanliknar dramaturgien i dei to seriane gruppene har valt. Finn likskapar og forskjellar. Diskuter: Skjer ting ”av seg sjølv” (deltakarstyrt), eller er det teikn som tyder på at det som skjer er iscenesett eller styrt av produsenten?

Skrive av Jostein Saakvitne.
Sist oppdatert 17.10.2019

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Dramaturgi og dramaturgiske modellar

Gå til faget: Medieuttrykk 2

Gå til emne: Historieforteljing og dramaturgi