Blikk og teknikk i fotohistoria - Dokumentarfotografen sitt blikk på verda - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Blikk og teknikk i fotohistoria

Oppgåve

Dokumentarfotografen sitt blikk på verda

Etter 2. verdenskrig stod fotografiet sentralt i ukeblader som National Geographic og Times Magazine. Mange av dei dyktige fotografane frå den tida samla seg i biletbyrået Magnum.

Etter 2. verdskrig samla mange av dei dyktige fotografane seg i biletbyrået Magnum. Byrået blei stifta av dei berømte fotografane Robert Capa og Henri Cartier Bresson etter andre verdskrig.

Oppgåve 1 Gjer søk på nett

Finn ut kva og kven følgjande er, gjennom søk på nett:

  • National Geographic
  • Times Magazine
  • Magnum
  • Robert Capa
  • Henri Cartier-Bresson

Oppgåve 2 Finn og studer bilete

Å vere fotograf for Magnum er noko av det største du kan bli som nyheits- og dokumentarfotograf. Det er berre éin norsk fotograf som er med her, Jonas Bendiksen. Han har gjort spennande prosjekt over heile verda.

Jonas Bendiksen reiste blant anna til Russland i tida etter Sovjetunionens fall. Her fanga han restane av det kommunistiske Sovjet. Han besøkte ikkje sentrum, Moskva, men utkantane der samfunn har gått i stå.

Artikkel om Jonas Bendiksen og boka Satelitter på Magnum.

  • Kva synest du kjenneteiknar fotoblikket til Jonas Bendiksen?
  • Korleis formidlar han sitt blikk på verda?
  • Vel eit bilete og fortel kva du ser i det.
  • Del biletet og tankane dine med andre i klassen.

Oppgåve 3 Presenter ein dokumentarfotograf

Vel ein magnumfotograf og studer bileta. Lag ein presentasjon på 5-10 minutt og presenter for klassen.

  1. Ha fokus på tema i bileta til fotografen, og korleis desse blir formidla.
  2. Sei noko om fotografen sine arbeidsmetodar.
  3. Gjer ein næranalyse av to eller tre bilete.
  4. Svar gjerne på spørsmålet: Kva er denne fotografen sitt blikk på verda?
    Korleis brukar fotografen fototeknikk i formidlinga si?
  5. Læraren kan organisere elevmedvurdering.

Relatert innhald

Fagstoff
Biletanalyse

Ein biletanalyse inneheld tre steg: skildring, analyse og tolking.

Skrive av Atle Kold Hansen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019