Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tradisjonell dramaturgi

Dramaet har ei fleire tusen år gamal historie, og sjangeren har utvikla seg mykje gjennom tidene. Likevel blir den tradisjonelle oppbygginga framleis ofte brukt. Vi menneske liker nemleg forteljingar der spenninga blir bygd opp mot ein dramatisk og tilfredsstillande slutt!

Mykje brukt i dag òg

I boka Om diktekunsten skildra den greske tenkaren Aristoteles allereie for 2300 år sidan ein modell for korleis dramaet skulle byggast opp. Denne modellen har hatt mykje å seie for utviklinga av dramaet i den vestlege verda.

I vår eiga tid finn vi igjen modellen til Aristoteles i til dømes spelefilm. Han blir òg kalla Hollywood-modellen, i og med at særleg amerikanske spelefilmar følger dette mønsteret.

Tre delar

Ifølge Aristoteles skulle plottet ha ei byrjing, ein midtdel og ein slutt, og dei tre delane måtte henge logisk saman. Ein modell som viser denne tredelinga og spenningsutviklinga i dramaet, kan sjå slik ut:

Byrjinga: presentasjon

Den første delen av eit drama blir ofte kalla opning eller presentasjon. I denne delen får vi kjennskap til når og kvar handlinga går føre seg, og vi får vite om bakgrunnen og ønska til personane. Slik forstår vi kvifor den kommande konflikten oppstår. Hensikta med denne innleiinga er òg å engasjere oss i det som skal skje vidare.

Midtdelen: utdjuping og opptrapping

I midtdelen blir situasjonen og konflikten utdjupa, og så skyt handlinga fart. Hovudpersonen møter hindringar og opplever truslar som tvingar han eller henne til å handle, med det resultatet at konflikten blir trappa opp og spenninga aukar. Innimellom kan det sjå ut som om hovudpersonen klarer å avverje farane som lurer, men det er alltid berre inntil vidare. Opptrappinga er den mest omfattande delen av dramaet.

Slutten: klimaks og avtoning

I sluttdelen når spenninga raskt eit høgdepunkt eller klimaks, og så finn konflikten ei løysing. Tragedien endar ofte med katastrofe, og då ikkje sjeldan med at helten bukkar under og døyr. Den siste delen av dramaet kallar vi avtoning (eller avrunding).

Dramaet sluttar gjerne med at dei overlevande blir forsona og drar lærdom av det som har hendt. I komedien finn konflikten ei lykkeleg løysing, og harmonien, som var trua, blir retta opp igjen.

I tragedien Antigone følger hovudpersonen samvitet sitt, noko som fører til at ho sjølv døyr, og stykket endar utan håp.

Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg blir rekna som ein komedie. Vi ler av alle dei menneskelege feila til Jeppe.

Vendepunkt

I alle dramaa finn vi hendingar som sørger for at handlinga tek ei ny, ofte uventa retning, såkalla vendepunkt. Vendepunkt kan vere spenningstoppar, men òg tilsynelatande udramatiske hendingar som kan vere avgjerande for korleis handlinga utviklar seg.

Nokre gonger finn vi eitt enkelt avgjerande vendepunkt der skjebnen til helten snur frå lykke til ulykke eller omvendt. Andre gonger kan situasjonen skifte mellom håp og fortviling fleire gonger, noko som skaper ekstra spenning.

Døme

I Henrik Ibsens drama Et dukkehjem kjem handlinga til eit avgjerande vendepunkt når mannen til Nora, Helmer, les eit brev som avslører at Nora har forfalska underskrifta til far sin for å kunne ta opp eit banklån. Ho gjorde dette i løynd for å finansiere eit som redda livet til Helmer, og ho har spart på i fleire år for å betale tilbake lånet.

Nora har visst at sanninga ein dag ville kome fram, men håpa at Helmer ville forstå og støtte henne. I staden blir han oppteken av skandalen og fordømmer henne. Då innser Nora at Helmer ikkje er den mannen ho trudde han var, og ho vel å forlate han.

Skrive av Marion Federl og Tone Elisabeth Grundvig.
Sist oppdatert 11.11.2025