Hopp til innhald
Nynorsk

Læringssti

Videokamera og kamerarørsler

Laga av Martin Aune Walther.
Sist oppdatert 06.02.2026
Fagstoff
Video

Kamerarørsler

Køyring, tilting, handhalde kamera eller panorering? Lær deg grunnleggande kamerarørsler når du lagar film.

Dette lærer du om

  • Kamerarørsler deler vi inn i tre fasar: startbiletet, sjølv rørsla og sluttbiletet.

  • Vi tek for oss panorering, tilting, køyring, zoom og handhalde kamera.

Kva er ei kamerarørsle?

Noko av det som skil film frå foto, er mogelegheita for kamerarørsler. Rørsle i eit bilete kan skje både ved at kameraet er i rørsle, og ved at personar eller gjenstandar i biletet rører på seg.

Du bruker kamerarørsler som forteljeteknikk og vel kamerarørsler for å oppnå kontinuitet mellom biletsekvensar. Slik sørger du for at publikum lever seg inn i filmforteljinga.

Startbilete, kamerarørsle og sluttbilete

Kamerarørsler deler vi inn i tre fasar slik det blir demonstrert i filmen under (lengde 1:07).

Her får du nokre gode tips til korleis du skal gjennomføre ei kamerarørsle. Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC 4.0

Når vi skal følge ein karakter frå bilete til bilete, er det viktig at auget vårt oppfattar kvar i biletet personen er. Fartsretninga i biletet er derfor viktig for kontinuiteten i biletforteljinga.

Hugs å få med ti sekund ekstra i starten og på slutten av kamerarørsla slik at det blir lettare å klippe i sekvensen.

Panorering og tilting

Panorering er å bevege kameralinsa horisontalt, ofte for å gi oversikt over ein situasjon eller for å følge ei rørsle. Tilting er å bevege kameralinsa vertikalt. Det blir til dømes brukt til å vise høgde eller til å avsløre eit fenomen.

Planlegg kamerarørsla på førehand. Ha klart for deg kvar kamerarørsla skal starte, og kvar ho skal stoppe.

Køyring

Køyring er når kameraet beveger seg framover, bakover eller til sidene. I profesjonell filmproduksjon blir kameraet køyrt med ein dolly.

Du treng ikkje nødvendigvis ein dolly for å gjennomføre køyringar. Ver kreativ! Lag din eigen dolly, eller fest kameraet på noko som rullar stødig, som til dømes ein rullestol.

Zoom og kranskot

Zooming er eigentleg ikkje ei kamerarørsle og blir mest brukt som effekt. Bruker du zoom uten å planlegge det nøye, kan det bryte kontinuiteten i filmforteljinga fordi zoom kan opplevast som kunstig og mekanisk.

Kranskot er derimot ein type kamerarørsle. Her blir kameraet montert på den eine enden av ei kran. På den andre enden er det montert motvekter som gjer det mogleg å bevege kameraet fritt både horisontalt og vertikalt.

Handhalde kamera

Standarden når vi gjer videoopptak, er å bruke stativ, men handhalde kamera kan vere pratisk å bruke i mange samanhengar.

I filmen under (lengde 2:21) viser filmfotograf Daniel Almli korleis du unngår skjelving i videoopptaka dine.

Filmfotograf Daniel demonstrerer handhalde kamera. Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-SA 4.0
Skrive av Ragna Marie Tørdal og Martin Aune Walther.
Sist oppdatert 18.09.2025