Videokameraet – innstillingar
Kamera
Vi kan bruke både videokamera og spegelreflekskamera når vi produserer video.

Videokamera
Dei fleste videokamera består av eit kamerahus med ein biletsensor. Det er biletsensoren som blir eksponert for lys og dannar dette lyset om til elektriske signal. Ytst på kameraet finn vi objektivet. På dei fleste tradisjonelle videokamera er optikken fast, men på spegelreflekskameraa kan vi skifte ut optikken.
Fotokamera
Vi kan òg gjere videoopptak med eit DSLR-kamera, eller eit digitalt spegelreflekskamera. Her er det mindre høve til å ta opp lyd. Det er i utgangspunktet laga for fotografering av stillbilete. I staden går det an å ta opp lyden gjennom ein ekstern lydopptakar og synkronisere lyden til bileta i redigeringa.
Lær deg manuelle innstillingar
Dei fleste videokameraa lèt deg velje mellom automatiske og manuelle innstillingar. Det aller beste er å lære seg dei manuelle innstillingane med éin gong, anten det gjeld å stille fokus, justere lydnivå manuelt eller stille kvitbalansen. Når du bruker manuelle innstillingar, har du mykje betre kontroll over korleis det ferdige resultatet blir.
Kvitbalanse: kontroll av farge
Kvitbalanse handlar om å få rett fargetemperatur på bileta, spesielt dersom opptak blir gjorde ulike stader eller til ulike tider. Justerer du ikkje kvitbalansen, vil fargane vere forskjellige frå biletklipp til biletklipp i den ferdige filmen. Fargetemperatur blir målt i kelvingradar, K. Dei mest brukte fargane i filmsamanheng er utandørs lys, 5600 K, og innandørs lys, 3400 K.
Fokus: kontroll av skarpleik
På objektivet sit fokusringen. Ved å vri på han stiller du biletet skarpt. Av og til kan det vere vrient å stille rett fokus. Om du for eksempel skal filme eit menneske, kan eit tips vere å zoome inn på auga til personen og stille skarpt, før du zoomar ut til det utsnittet du ønsker. Når vi zoomar inn eller ut, endrar vi brennvidda.
Film: Videokamera: Fokus
Filmen under (lengde 0:25) viser korleis vi kan bruke zoom for å få riktig skarpleik i eit bilete.
"Focus assist"
Eit anna tips er å undersøke om kameraet du bruker har ein "focus assist"-funksjon. Om du trykker inn denne, zoomar kameraet digitalt inn på det du ønsker å stille fokus på, slik at du lettare ser om biletet er skarpt. Hugs: Bruk aldri autofokus!
Eksponering: kontroll av lys
Du må passe på at biletet verken blir for mørkt eller for lyst (utbrent). Det kan vere vanskeleg å finne fram til innstillingane som gir riktig mengde lys i eit bilete, altså riktig eksponering.
Film: Filmkjøkkenet: Lys
Sjå ein introduksjon til eksponering og kamerafunksjonar frå 0:22 til 2:55 i filmen under.
Blendaren
Mange videokamera gir deg høve til å justere blendaren ved hjelp av eit eige hjul på objektivet. På spegelreflekskamera finn du hjulet på sjølve kamerahuset.
Blendaren justerer kor mykje lys som blir sleppt inn i kameraet. Jo lågare blendartal, jo meir lys blir sleppt inn til biletsensoren. Jo høgare blendartal, jo mindre lys blir sleppt inn.

Merk deg om blendar og djupneskarpleik
Med blendaren påverkar ein også djupneskarpleiken i biletet. Om du har ei stor blendaropning, blir det liten djupneskarpleik.

Sjekk biletkvalitet med sebrastriper
På dei fleste videokameraa finst det ein hjelpefunksjon som blir kalla sebrastriper. Desse fortel deg kva parti av biletet som er utbrent. Har du mykje sebrastriper i biletet ditt, bør du justere blendaren slik at biletet blir litt mørkare.
Film: Videokamera: Sebrastriper
Filmen under (lengde 0:35) viser korleis vi kan bruke sebrastriper for å få riktig mengde lys (eksponering) i eit bilete.
ISO og gain
ISO er ein funksjon på DSLR-kameraa som gjer at ein kan justere kor lysømfintleg biletsensoren skal vere. Dei vanlegaste ISO-verdiane er 200 til 800. Dersom du filmar når det er ganske lyst, bør du bruke låg ISO-verdi, til dømes 200 til 400. Jo mørkare det er, jo høgare ISO-verdi. Går du mykje høgare enn 800 ISO, vil det gå ut over biletkvaliteten, og bileta vil bli veldig kornete.
Gain er ein funksjon som finst på ein del videokamera, og som minner litt om ISO. Når ein "gainar" videosignalet, blir lyssignalet som kjem inn i kameraet, sterkare. Derfor skal ein vere litt forsiktig med å bruke gainfunksjonen. Bruker ein høg gain, vil biletet bli veldig kornete. Gain blir målt i desibel (dB).
ND-filter
ND-filter er eit slags grått filter som blir plassert over linsa. Det fungerer som solbriller for kameraet. Enkelte kamera har innebygd ND-filter.