Vel rett pressefoto - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vel rett pressefoto

Val av bilete er viktig for vinklinga av ei nyheitssak. I denne oppgåva skal du velje pressefoto til ei sak om tiltaka til regjeringa mot ungdomskriminalitet og reflektere over korleis pressa framstiller unge kvinnelege politikarar.

Her ser du åtte alternative bilete av justis-og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Oppgåve 1

  1. Beskriv kva konnotasjonar kvart av desse åtte bileta kan gi.
  2. Du skal lage eit oppslag til morgondagens avis om tiltaka til regjeringa mot ein veksande ungdomskriminalitet. Vel to bilete. Grunngi kvifor du vel nettopp desse bileta.
  3. Lag bilettekst til dei to bileta du har valt. Deretter lagar du ei overskrift og ein ingress som står i stil med biletvalet ditt.

Oppgåve 2

  1. Jobb saman i små grupper. Gjer eit biletsøk i Google på "Emilie Enger Mehl", og studer medieoppslaga der desse bileta er brukte. Finn tre døme på pressebilete som har relevans for det sakene handlar om, og tre døme på pressebilete som har liten relevans for det sakene handlar om.

  2. Gjer eit nytt biletsøk, men denne gongen skriv de "justisminister i Noreg" i søkefeltet. Samanlikn dei bileta de finn av dei tidlegare justisministrane Per Willy Amundsen, Tor Mikkel Wara og Jøran Kallemyr med bileta av Emilie Enger Mehl. Er motiva dei same? Kva går eventuelt forskjellane ut på?

  3. Diskuter i klassen: Framstiller pressefotografar unge kvinnelege politikarar på ein annan måte enn dei gjer med eldre mannlege politikarar? Eller er det slik at unge kvinnelege politikarar sjølve vel å opptre framfor kamera på ein annan måte enn menn?

Relatert innhald

Fagstoff
Tolking av teikn

Vi tolkar teikn på bakgrunn av dei konvensjonane og kodane som gjeld i eit bestemt sosialt miljø.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018