Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Typografi, skriftfamiliar og skriftgrupper

Du har sikkert lagt merke til at bokstavar kan vere utforma på ulike måtar i aviser, på plakatar eller i logoar. Utforminga er ikkje tilfeldig. Typografi er eit viktig verkemiddel når du skal kommunisere ein bodskap.

Typografi

Typografi er læra om korleis du utformar bokstavar og set dei saman til ein visuell heilskap slik at bodskapen blir kommunisert på ein formålstenleg måte.

Skrift er ei visuell attgiving av lydar og ord. Som visuelt verkemiddel må skrifta passe til det du vil fortelje. Om du skal lage ein invitasjon til ein barnebursdag, kan det vere passande å nytte ei leiken skrift som er lett å lese, altså ei skrift tilpassa barn. Skal du lage ein trykksak for ein bank, må du bruke ein seriøs og strengare typografi.

Gode kunnskapar om typografi er ein viktig del av grafisk kommunikasjon. Teksten må setjast opp på ein måte som gjer han behageleg å lese. Du bør derfor kunne litt om typografi.

Dersom du nokon gong har lurt på kva farge du skal bruke på teksten din, eller kor stor overskrifta bør vere, har du jobba med typografiske problemstillingar.

Skrifttype/font

Skriftype eller er den fysiske utsjånaden til ein bokstav. Det finst ei rad ulike fontar, som grovt kan delast i to hovudgrupper:

  • Antikva (har seriffar).
  • Grotesk (har ikkje seriffar).

Eit medvite tilhøve til desse skrifttypane kan vere med på å påverke korleis teksten din blir oppfatta av mottakaren.

Seriffar er små tverrstrekar på grunnstrekane til fontane. Du finn dei på antikvafontane.

Vel passande skrift og farge på eit supportarskjerf

Lag ei skisse til supporterskjerf med namnet på fotballaget du held mest med.

Prøv ut ulike skrifter i tekstbehandlingsprogrammet ditt. Kva skrift synest du passar best til laget ditt? Kva farge bør teksten ha, og kva farge vil du ha på bakgrunnen?

Skriftfamiliar og skriftsnitt

Du har sikkert brukt skrifta Times New Roman. Times New Roman er namnet på ein skriftfamilie. På same måten er Garamond, Helvetica og Gill Sans namna til andre skriftfamiliar.

Når vi bruker omgrepet skriftsnitt, snakkar vi om dei ulike variantane innan ein skriftfamilie, til dømes normal (regular), kursiv (italic), halvfeit (bold).

Skriftgrupper

Skriftfamiliane Times New Roman, Garamond, Caslon og Palatino har ein del fellestrekk. Dei har nokre kjenneteikn som gjer at dei liknar på kvarandre. Desse fellestrekka gjer at vi kan setje dei i same kategori, og vi seier at dei høyrer til same skriftgruppe.

Skriftgruppa antikva

Både Times New Roman, Garamond, Caslon og Palatino høyrer til skriftgruppa antikva, eller nærare bestemt gammalantikva.

Kjenneteikn på antikva

  • Bokstavane i denne skriftgruppa har seriffar, tynne tverrstrekar øvst og nedst.
  • Dei har to ulike tjukkleikar på bokstavane, dei er altså duolineære (duo = to).

Korleis oppstod duolineær skrift?

Duolineære bokstavar (skrift med to tjukkleikar på streken) er eit resultat av skrivereiskapane dei brukte før i tida, til dømes ein fjørpenn og blekk. Sidan pennen heile tida vart halden med same vinkel mot papiret, vart resultatet at nokre strekar vart tynne, og andre vart tykke. Seriffar er eit resultat av at pennen ofte la att ein liten blekkflekk når streken vart avslutta.

Skriftgruppa grotesk

Skriftfamiliane Arial, Helvetica, Verdana og Calibri har andre fellestrekk enn antikvafamiliane, så dei høyrer til ei anna skriftgruppe, nemleg grotesk.

Kjenneteikn på grotesk

  • Bokstavane i denne skriftgruppa har ikkje seriffar, men rette endepunkt.
  • Dei har éin tjukkleik på bokstavane, dei er monolineære (mono = ein).

Studer bruk av skriftgrupper og skriftsnitt i nettaviser

Jobb saman to og to.

  • Gå inn på nettsidene til Aftenposten. Kva skriftgruppe trur de skrifta som blir brukt der, tilhøyrer? Kvifor trur de Aftenposten bruker denne skrifta?

  • Gå inn på nettsidene til VG. Kva skriftgruppe trur de skrifta som blir brukt der, tilhøyrer? Kvifor trur de VG bruker denne skrifta?

  • Når bruker nettavisene halvfeit skrift? Når brukar dei kursiv skrift?

Viktige omgrep

Typografi
læra om utforming og behandling av bokstavar og ulike grafiske element.
Skrift
ei visuell attgiving av førestillingar, idéar, lydar og ord. Det finst mange ulike skriftsystem. Nokre av dei eldste skriftsystema vi kjenner til, er kileskrift og hieroglyfar. I dag bruker vi alfabetet som skriftsystem. Bokstavane i alfabetet kan vere utforma forskjellig i ulike språk. Det er til dømes stor forskjell på det norske og det arabiske alfabetet.
Font
eit omgrep som i daglegtalen blir brukt om ei spesifikk visuell utforming av skrift. Omgrepet omfattar visuelle kjenneteikn ved både skriftfamiliar, skriftsnitt og skriftgrupper. I eit tekstbehandlingsprogram har du tilgang til mange ulike standardfontar, og du kan òg legge til fleire dersom du ønsker det.
Skriftfamilie
ei samling av skrifter som liknar på kvarandre. Til dømes har skrifter i skriftfamilien Times New Roman mange samanfallande visuelle karaktertrekk. Skriftfamilien Arial har andre visuelle karaktertrekk.
Skriftgruppe
består av skriftfamiliar som liknar på kvarandre. Dei to viktigaste gruppene er antikvaskrifter (med seriffar) og groteskskrifter (utan seriffar). I tillegg finst til dømes gotisk skrift, skriveskrifter (imitert handskrift) og fantasiskrifter.
Skriftsnitt
dei ulike utformingane av ein font, til dømes normal (regular), kursiv (italic) og halvfeit (bold).
Seriff
ein liten strek som går utover øvst og nedst på bokstavar. Fontar i skriftgruppa antikva har seriffar, til dømes fonten Times New Roman. Han har små strekar eller bein nedst på bokstavane. Fontar utan seriffar, som Arial, har lik tjukkleik på alle strekane. Denne skriftgruppa blir kalla grotesk.

Skrive av Kari Roksvaag Rønning og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 27.01.2025