Oppgave
Sosiale medium og inkludering
Finn og diskuter samanhengar mellom språkleg kommunikasjon, inkludering og sosiale medium. Kan de ta med dykk innsikta inn i arbeidet med klassemiljøet?
Gjer overflatesøk på nett og finn ut korleis ulike kjelder beskriv
- språkleg kommunikasjon
- sosiale medium
- inkludering
Samarbeid to og to om å skrive ein definisjon for kvart av dei tre omgrepa.
I denne oppgåva skal de bruke aktivt definisjonane de har funne om språkleg kommunikasjon, sosiale medium og inkludering.
Beskriv skriftleg, i samarbeid med ein medelev
- døme på korleis språkleg kommunikasjon inkluderer eller ikkje
- kjenneteikn ved kommunikasjon i sosiale medium
- positive og negative samanhengar mellom sosiale medium og inkludering
Foreslå fem måtar å bruke språkleg kommunikasjon på for å inkludere medelevar og andre i sosiale medium.
- Ver så konkret som mogleg.
- Formuler munnlege setningar og foreslå gjerne korleis emojis kan brukast saman med ord.
- Hugs det er lov med humor!
Presenter forslaga i klassen og plukk ut nokre favorittar.
Gå på sosiale medium og bruk 5–10 minutt på å sende favorittar til andre i klassen.
- Kva for betydning har val av språkbruk og emojis i sosiale medium for korleis vi møtest ansikt til ansikt?
- Korleis kan vi bruke erfaringane frå desse oppgåvene til å skape eit godt klassemiljø?
😁😍😬😪😎😡☠🙉💘💥💣🗨🖐👌👍💪👄👦👧🧔👵🙎👨🎓