Oppgave
Skriv ingressar
Ein ingress er eit kort, innleiande avsnitt med sentrale og viktige opplysningar om saka. Ingressen skal vekkje nysgjerrigheita til lesaren. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive ingressar.
- Ein ingress er eit kort, innleiande avsnitt med sentrale og viktige opplysningar om saka.
- Ingressen følgjer etter tittelen og leier inn mot brødteksten.
- Ein ingress skal vere kort, han bør ikkje ha meir enn 25 ord.
- Ingressen blir ofte skilt ut frå annan tekst med feit eller kursivert skrift.
- Ingressen skal vekkje nysgjerrigheita til lesaren.
Ingressar kan skrivast på mange ulike måtar. Her får du nokre tips:
Start med fakta. Kven, kva, kvar, når, korleis, kvifor?
Eksempel: Trumps valkampstab avviser påstandane om at ein kampanje på TikTok førte til at færre enn venta møtte opp til folkemøtet i Tulsa denne helga.
Start med eit spørsmål til lesaren som presenterer det sentrale i artikkelen
Eksempel: Har du nokon gong opplevd rasisme på kroppen?
Start med eit sitat. Plukk ut ei viktig utsegn frå ein person
Eksempel: – Få hytter til sals, låg rente og spekulasjon i prisvekst vil drive hytteprisane til himmels, trur meklartopp.
Start med ei scene der du pirrar sansane til lesaren:
Eksempel: Det er fisk i havet, sol i bakkane og mat på tallerkenen. Likevel flyttar folk frå tettstaden Havøysund i Finnmark.
- Vel ut fire nettsaker. Kopier dei, og lim dei i eit dokument. NB: Ta bort ingressane.
- Del dokumentet med eleven du sit ved sida av i klasserommet. Medeleven din skal så skrive forslag til ingressar. Sjå tips og eksempel over.
Til slutt samanliknar de dei nye ingressane med dei opphavlege ingressane. Kva er best?