Sjangrar i endring - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjangrar i endring

Mediesjangrar endrar seg i takt med nye medievanar og ny medieteknologi. Tradisjonelle mediehus publiserer no i fleire kanalar. Sjangerblanding er heller ikkje lenger fy-fy.

Mediebiletet endrar seg

I vår tid er mediebiletet i stor endring. For å nå ut til publikum jobbar derfor mediebransjen iherdig med å tilpasse gamle og utvikle nye sjangrar for nye kanalar og format. NRKs korte videonyheiter med teksting for deling på Facebook er eit eksempel på korleis eit tradisjonelt mediehus tilpassar seg ei ny medieverkelegheit. Eit anna eksempel er sjokoladefabrikken Freia som har valt å lage reklame tilpassa Instagram-formatet.

Sjangerblanding

Ungdomsserien Skam er eit eksempel på ein serie som blandar sjangrar, og som bruker ulike kanalar og format for å nå ut til målgruppa. Skam er ein dramaserie, og alle karakterane og profilane i serien er fiktive. I Skam sesong 2 følgjer vi Noora gjennom våren i førsteklasse på Nissen videregående skole i Oslo. Publikum kan følgje serien kvar dag på NRK P3s nettside, og via Instragram-profilane til alle karakterane. I tillegg blir også alle filmane gjennom veka samla i ein episode kvar fredag og vist på NRKs nett-tv og på skam.p3.no, der kvar av karakterane har eigne profilsider.

Manusforfattar og regissør Julie Andem har laga ein serie som bruker ungdommen sine eigne kommunikasjonsformer for å treffe målgruppa. Utgangspunktet for serien er å hjelpe 15-årige jenter med å meistre prestasjonspresset dei opplever. Andem tenkjer seg at Skam skal vere ei blanding av sosialrealisme, såpeopera og sitcom, i eitt og same univers.

Les heile intervjuet med Julie Andem på rushprint.no:

Nerven i Skam skal være sterk og relevant

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017