Programvare for medieproduksjon - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Programvare for medieproduksjon

Du og venene dine har gjort nokre feite lydopptak og er supergira på å setje saman klippa til ein radioreklame. Det er nemleg no de treng å vite noko om programvare.

Når vi snakkar om programvare i mediefaget, tenkjer vi på verktøy for design, redigering og tilarbeiding av medieuttrykk. Den mest kjende programvara er nok Adobe Photoshop. Dei fleste har høyrt om eller brukt denne programvara til redigering av bilete. Men profesjonell programvare kostar pengar, ho må lastast ned på ein datamaskin og oppgraderast med jamne mellomrom.

Programvare for medieproduksjon er spesialisert mot bestemte føremål:

  • redigering og utkøyring av bilete
  • redigering og utkøyring av lyd
  • redigering og utkøyring av video
  • design og publisering på nett
  • design og publisering for sosiale medium
  • design og publisering for trykksaker

Profesjonelle program har eit utal moglegheiter for kombinasjon av funksjonar, og det finst alltid fleire måtar å gjere det same på. Det tek lang tid å blir riktig godt kjend med eit program. Men heldigvis er dei fleste programma bygde opp etter omtrent same prinsipp. Lærer du deg eit program skikkeleg, er det enklare å setje seg inn i liknande programvare. Dessutan er det enkelt å komme i gang med dei viktigaste og mest sentrale funksjonane.

Redigeringsprogram som følgjer datamaskinen, kan vere gode inngangar til å forstå hovudfunksjonane i eit program, sjølv om desse ofte manglar funksjonar som gir god arbeidsflyt og høve til å jobbe med detaljar. Gratisprogram kan av og til vere enklare å setje seg inn i, men det kan vere frustrerande at det ofte følgjer med reklame og mas om kjøp av tenester.

Å setje seg inn i ei programvare på eiga hand

Det er smart å bruke ei systematisk tilnærming når du skal gjere deg kjend med eit nytt dataprogram.

  1. Tenk over: Kva gjer programmet? Kva blir det brukt til?
  2. Tenk over: Kva er hovudfunksjonane til programmet? Kva fagkunnskapar er det greit for deg å ha når du skal bruke programmet?
  3. Sjekk om programmet har ein Hjelp-meny med forklaringar og videoar, ofte finn du han heilt til høgre på hovudmenylinja. Og set av tid til å sjå gjennom introduksjonar. Sjå for eksempel her: Starthjelp Photoshop
  4. Neste steg er å gjere deg kjend i programmet. Start øvst frå venstre mot høgre og gå systematisk gjennom alle menyar.
  5. Opprett filer, prøv ut og undersøk verktøy og funksjonar i undermenyane.

Set av tid til å gjere deg kjend med programvara, til dømes ein time annankvar dag i to veker. Ikkje sit for lenge om gongen. Det kan vere lurt å gå tilbake til eit program for ein systematisk gjennomgang når du er blitt betre kjend med det. For kvar runde vil du forstå meir.

Bruk av rettleiing

Når det er noko heilt bestemt du ønskjer å få til, byrjar du med å prøve å finne relevante funksjonar på eiga hand. Prøv minst tre gonger aleine. Deretter kan du gjerne spørje ein medelev eller ein lærar om hjelp. Det mest praktiske er likevel å lære seg å finne ut av ting på eiga hand. Du kan også søkje etter løysingar på nettet.

Instruksjonar for bruk av program finst ikkje berre på programma sine eigne hjelpesider. Det finst også mange gode rettleiingar på YouTube. Utfordringa kan vere at dei stort sett er på engelsk. Her må du ta eit val med omsyn til kva språk du vil at programma skal visast i, på din skjerm. Nokre vel å bruke programvare med engelsk meny, andre føretrekkjer norsk og bruker Tritrans eller Google trans for å omsetje frå norsk til engelsk.

TIPS: I søk på nett, bruker du ‘how to’ saman med den engelske nemninga for den funksjonen du ønskjer å bli betre kjend med, eller det engelske ordet for det du ønskjer å få til.

Relevant programvare i mediefag

Den mest allment kjende programvarepakka for produksjon i mediebransjen er Adobe-pakka. Ho består av nokre kjerneprogram, som Photoshop (foto), Premiere (film), Audition (lyd), Muse (nettsider), InDesign (layout for trykk og nett) og Illustrator (vektorteikning), Spark (visualisering og presentasjon) og andre før- og ettebehandlingsprogram som blant anna Adobe Reader (publisering av dokument), Bridge (arkiv/filutforskar), Adobe Media Encoder (utkøyring) og After Effects (etterbehandling av video).

Skal du jobbe profesjonelt i mediebransjen, vil du mest sannsynleg jobbe med eitt eller fleire av desse programma. Dersom du ikkje har Adobe-programma tilgjengeleg, eller dersom du synest dei er store og vanskelege å setje seg inn i, finst det enklare gratis redigeringsverktøy tilgjengeleg. Desse har færre funksjonar og kan vere enklare å byrje med. Med erfaringar herfrå kan terskelen inn i dei profesjonelle programma bli lågare. Aktuelle programm er Pixlr for fotoredigering, Canva for grafisk design, Audacity for lydredigering, iMovie (mac) og Moviemaker (PC) for filmredigering, Wordpress eller Weebly for nettsider. Du skal likevel vere klar over at det vil kunne vere reklame og/eller kjøp i gratis programvare.

Det minste du bør kunne i slutten av vg1

For foto

  • klippe ut delar av eit bilete og setje det inn i eit anna
  • justere lys og farge i eit bilete
  • skjere til eit bilete
  • justere biletstorleik og oppløysing
  • arbeidsflyt mellom lag
  • lagre i ulike filformat

For film

  • klippe film
  • justere lyd
  • leggje på tekstplakatar i starten og slutten av ein film
  • lagre i ulike filformat

For web

  • setje bilete og tekst inn på ei nettside
  • lenkje sider til kvarandre
  • lage eksterne lenkjer
  • lage meny
  • tilpasse mediefiler (.mp3, .mp4, .jpg, .png, .pdf) til webmediet

For grafisk design

  • plassere tekst og visuelle element i eit dokument
  • bruke og endre fargar
  • importere teksttypar
  • arbeidsflyt mellom sider og lag
  • lagre i ulike filformat

For tekstarbeid

  • autokorrektur
  • enkel formatering
  • setje opp innhaldsliste
  • samskriving
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2021