Fagstoff
Video
Nyheiter på Snapchat
Fleire norske medieaktørar legg ut nyheiter på Snapchat til følgjarane sine. På Snapchat Discover produserer mediehus eige innhald for Snapchat-formatet. VG var det første mediet i Norden som vart representert på Discover.
Video: Tom Knudsen, Eva Sophie Wolff-Hansen / CC BY-SA 4.0
Om Snapchat
- Snapchat er ein mobilapplikasjon for deling av foto, video og tekst.
- Bileta og videoane blir kalla for snaps. Dei kan sendast til ei eiga kontrollert liste over mottakarar.
- Snapchat vart offisielt utgitt i App Store i september 2011.
- Aldersgrensa er 13 år.