Øving: research i medieproduksjon - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øving: research i medieproduksjon

Skal de lage medieproduksjonar av høg kvalitet, må de sørgje for å vere godt orienterte. Kva er sentrale kunnskapar om temaa de skal behandle? Korleis bør de planleggje formidlinga? Gjer research på både innhald og form.

Kunnskap gjennom research gir kvalitet

De må ta research-fasen på alvor viss det de lagar, skal halde god kvalitet.

  1. På den eine sida må de ha eit solid grunnlag for innhaldet og bodskapen de skal formidle.

  2. På den andre sida sikrar de kvalitet på formidlinga ved å gjere research på formatet og sjangeren.

Research i grupper

Arbeid i grupper på tre–fire. Vel eit oppdrag.

  • Sportsjournalistikk: Dekk ein fotballkamp eller eit skyttarstemne (vel medium og format sjølv).

  • Kommunikasjonsarbeid for helsestasjonen: Lag ein video (med enkelt lydspor) om barn og oppdraging.

  • Humoristisk podkast for skulen: Temaet er søppelsortering som tiltak for berekraft.

Kunnskapar om innhaldet

Bruk søkestrategiar og skaff dykk kunnskapar om temaet for å løyse oppdraget.

Diskuter undervegs:

  1. Kva strategiar har de for å skaffe dykk kunnskapen de treng?

  2. Korleis sjekkar de at de har funne fram til nok og riktig kunnskap om temaet de skal jobbe med?

Undersøk format og sjangrar

Bruk søkestrategiar og skaff dykk innsikt i formatet og sjangeren til medieproduktet dykkar.

Finn døme på medieproduksjonar som liknar det medieproduktet de skal lage. Still spørsmål til døma de har funne:

  1. Korleis er innhaldsformidlinga?

  2. Kva verkemiddel og forteljeteknikkar er sentrale?

  3. Kva for retoriske grep finn de i døma?

  4. På kva måte er målgruppa teke omsyn til i døma?

Diskuter til slutt: Kva eigenskapar og teknikkar vil de ta i bruk i eigen produksjon? Kvifor vel de ut akkurat desse formmessige grepa? Kvar passar dei best inn i medieproduktet?

Presenter for klassen

Kvar gruppe presenterer sitt valde oppdrag. Vis fram kjelder. Forklar òg kva som er sentral informasjon for saka, og kvifor dette er sentral informasjon. Presenter òg utvalde verkemiddel og grep til formatet.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021