Leik deg med biletutsnitt og kameravinklar

Målet med oppgåva er å vekke dei rette kjenslene hos publikum med ein gjennomtenkt bruk av biletutsnitt og -vinklar.
Vekk kjensler med biletutsnitt og -vinklar
I øvinga skal du tenke i bilete. Korleis kan ulike utsnitt og vinklar verke inn på det ferdige resultatet?
Bruk det du har lært om biletutsnitt og biletvinklar og lag ein kort video der du set saman passande bilete til eit dikt.
Øvinga steg for steg
- Vel eit dikt.
- Nærles diktet for å forstå kva diktaren har prøvd å formidle. Du kan òg lese andre sine tolkingar av diktet. Bestem deg for kva som er di eiga tolking.
Noter ned kva bilete du treng. Passar det med ultranære utsnitt, totalbilete, froske- eller fugleperspektiv? Lag enkle skisser av bileta dine i eit storyboard.
- Gjer filmopptak og/eller ta bilete. Ver effektiv! Det krev god planlegging av opptaka dine i forkant.
- Ta lydopptak av at du les diktet. Finn ein eigna stad der du ikkje får bakgrunnsstøy frå andre. Du kan òg få andre til å lese opp diktet om du vil.
Set saman opptaka dine med lyden av opplesinga di i eit redigeringsprogram. Du kan òg legge på miljølyd, effektlyd og musikk.
Vis fram i klassen.
Relatert innhald
Om ulike biletutsnitt, kva biletutsnittet fortel, og korleis du medvite vel rett utsnitt i biletproduksjon.
Ei innføring i nemningar for ulike kameravinklar og perspektiv og kva verknad dei har.

