Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Vurder layout

Skriftblanding, gruppering av element og luft er blant verkemidla som blir brukte i layout. Undersøk døme og svar på oppgåvene.

1. Diskuter skriftblanding på avisframside

  • Kvar på framsida startar vi å lese?
  • Kva skriftblanding er brukt?
  • Korleis passar overskrifter og bilete saman? Formidlar dei det same?

2. Studer gruppering av element i plakaten

Plakaten er ei oversikt over Mausund. Han er laga av Marlon Peter Hagen Ryan, elev ved Byåsen videregående skole.

Kva består denne plakaten av?

  • Plakat Mausund

  • Beskriving av plakaten

    Plakaten har ein lyseblå bakgrunn. Tittelen er Mausund. Han er utforma med kvit skrift og ein font som liknar handskrift. Bakgrunnsbiletet er eit kart over norskekysten. I ei lita ramme er det plassert eit kartutsnitt av Mausund. Ein strek går frå kartutsnittet til kartet over norskekysten for å vise kor Mausund ligg. Plakaten har tre små illustrasjonar som er plasserte på rad. Dei viser ulike stader i Mausund. Illustrasjonane er følgde av korte bilettekstar i ein grotesk font. Bokstavane er svarte og små.

    3. Luft som verkemiddel på framsider

    Korleis er luft brukt som verkemiddel på desse to framsidene? Kva verknad har lufta?

    Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
    Sist oppdatert 07.05.2018