Fagartikkel
Kontrast i storleik
Det finst mange ulike kontrastar. Her skal vi sjå nærmare på kontrastar som bygger på storleik. Ved å bruke desse kontrastane framhever vi det vi ønsker skal få merksemd i designet.

Eit stort element vil skilje seg ut mellom mange små. Mottakaren vil då legge ekstra merke til det store.
Eit stort bilete i eit oppslag vil skilje seg ut blant mange små bilete. Mottakaren vil då legge ekstra merke til dette.

Her står det store feltet i midten i kontrast til dei mange små felta.
Døme på kontrast i skriftstorleik.
Det er ikkje alltid vi treng å gjere eit element stort for at det skal synast. Nokre gonger kan ein liten tekst, eller eit lite bilete, skilje seg ut og vekke merksemd.

Den vesle, oransje marihøna på snøen fangar merksemda vår.