Hopp til innhald
Bokmål
Fagartikkel

Komposisjon i grafisk design

Ordet komposisjon tyder samansetjing, blanding. I mediedesign kan ein komposisjon bestå av fargar, tekstar, typografi, bilete og illustrasjonar.

Komposisjon

Vi ønsker å setje desse elementa saman på ein god måte slik at meininga kjem fram. Då må vi gjere val i designet som gjer nokre verkemiddel meir synlege enn andre. Viss alt blir like synleg, kan det bli rotete, og meininga forsvinn.

Derfor er det greitt å ha nokre prinsipp, eller reglar, å halde seg til. Desse prinsippa er til hjelp når vi skal lage til dømes ein plakat, eit magasin, visittkort eller ei nettside. Kontrast, balanse, rørsle og einskap er komposisjonsprinsipp. Bruker du desse, er det lettare å lage gode grafiske design.

Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 05/07/2018