Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

ISO

Lyset ein solblank sommardag er ganske forskjellig frå det Iyset som når kameraet ditt ein sein ettermiddag i desember. Dette må du ta høgde for når du er ute på fotooppdrag.

Kjenslegheit for lys

ISO er ei kamerainnstilling som avgjer kor lyskjensleg biletsensoren i kameraet skal vere. Du stiller ISO etter lystilhøva ved opptaksstaden og gjerne før du byrjar å stille inn blendaropning og lukkartid. Er det ein solskinsdag, held det med låg ISO, som til dømes ISO 100. Dersom du er i ein mørk konsertsal, bør du bruke ein høg ISO, som til dømes ISO 1600.

Rett val av ISO-verdi sikrar at lukkartida ikkje blir for lang, og at bileta dermed blir skarpe. Ein høg ISO-verdi gir meir biletstøy, men det vil likevel vere betre enn at bileta dine blir uskarpe.

Vi bruker låg ISO i lyse omgivnader, dette gir mindre biletstøy.

Vi bruker høg ISO i mørke omgivnader, dette gir meir biletstøy.

ISO-skalaen følger dette mønsteret: 100 – 200 – 400 – 800 – 1600 og så vidare. For kvart trinn oppover i skalaen blir kjenslegheita for lys dobla.

Prøv sjølv

Still inn eit digitalt kamera på ISO 100. Slå av lyset i klasserommet og ta eit bilete av ein medelev. Etterpå går de ut i skulegarden og tek eit nytt bilete med same ISO-innstilling.

Samanlikn resultatet. Vart bileta for lyse eller for mørke?

Juster ISO-innstillinga og ta eit nytt bilete både utandørs og i klasserommet. Vart de meir nøgde no?

Dersom de ikkje har tilgang til eit avansert kamera, kan de gjere den same øvinga i NDLAs kamerasimulator og sjå korleis bileta endrar seg når de leiker med ISO-innstillingane.

Biletstøy

Dersom du bruker ein høg ISO, for eksempel ISO 3200–25600, vil du få det vi kallar digital støy i biletet. Det kan sjå ut som pikslar med fargevariasjonar. Heilt enkelt forklart er støy ein biverknad av den elektriske ladninga som trengst for å gjere biletsensoren meir følsam for lys. Jo høgare ISO du bruker, jo meir støy vil det bli i biletet. Kvalitetsmessig kan dette gjere biletet noko uskarpt, verke forstyrrande og gi inntrykk av dårleg handverk.

Kor framståande støyen blir, avheng av typen kamera du bruker. Kompaktkamera vil gi meir støy ved høg ISO enn eit kostbart spegelreflekskamera. For å unngå dette vil dei fleste ikkje bruke høgare ISO enn 100–400 og heller passe på å ha mest mogleg lys tilgjengeleg. Lyssterke objektiv er dyre, men slepp inn meir lys enn billige objektiv.

Det finst òg fleire moglegheiter for å redusere digitalt støy i etterarbeidet, men det aller beste og billigaste alternativet er likevel å sørge for rikeleg med lys på opptaksstaden når du skal ta biletet.

Den kreative effekten av støy

Toleranse for støy i bilete er avhengig av kva sjanger du jobbar i. Innan reklamefotografering vil bilete med støy som oftast bli vurderte som ubrukelege.

I dokumentarfoto, og spesielt kunstfoto, er det høgare toleranse for støy. Nokre kunstfotografar synest digital støy gir biletet ein spesiell estetisk dimensjon. Dei bruker støy medvite som eit verkemiddel i bileta sine.

Dei kan til og med finne på å legge til støy, støv eller korn i bileta sine i etterarbeidet.

Kombiner ISO, blendaropning og lukkartid

ISO, blendaropning og lukkartid er dei tre faktorane som påverkar eksponering, men det er viktig å forstå at desse innstillingane òg heng saman.

Film: Samanhengen mellom blendar og lukkar

I filmen under (lengde 1:16) viser fotograf Tom Knudsen korleis innstillingar for blendaropning og lukkartid påverkar kvarandre.

Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0

Samanhengen mellom ISO, blendaropning og lukkartid

For å få til den rette eksponeringa må du kombinere ISO, blendaropning og lukkartid på rett måte. Dersom du ønsker å skape ein kreativ effekt ved hjelp av den eine faktoren, blir du nøydd til å endre innstillingane på dei andre for å få rett eksponering.

  • Når blendaropninga er liten, er djupneskarpleiken i biletet stor, både forgrunnen og bakgrunnen i biletet vil vere klare. Er blendaropninga stor, blir det liten djupneskarpleik i biletet.

  • Med lang lukkartid får du eit uklart bilete. Er lukkartida kort, blir biletet klart.

  • Jo større ISO-verdi, jo meir lysfølsamt er kameraet, og jo meir kornete blir biletet. Er det lyst, kan du bruke låg ISO og få klare bilete.

Illustrasjonen viser samanhengen mellom ISO, blendaropning og lukkartid:

Reflekter saman

Forklar for ein medelev kva illustrasjonen over viser, og korleis innstillingar for blendaropning, lukkartid og ISO påverkar kvarandre. Byt gjerne på rolla som "hjelpelærar" og elev.

Kva kan du no om ISO og kamerainnstillingar?

Skrive av Christina Listanco Einmo og Tom Knudsen.
Sist oppdatert 03.12.2024