Kva sjanger tilhøyrer filmen? - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kva sjanger tilhøyrer filmen?

Både filmplakaten og anslaget i ein spelefilm gir ein peikepinn om kva sjanger filmen høyrer til. I anslaget blir vi presentert for konfliktar og hovudkarakterar. Etter fem minutt veit dei fleste av oss om vi ser på ein science fiction-film, eller om det er snakk om ein god, gammaldags westernfilm.

Inndelinga av filmar i sjangrar er omstridd. I nokre samanhengar blir hovudvekta lagt på kjenneteikn ved filmspråket. Då blir det brukt sjangeromgrep som klassisk film, surrelastisk film, film noir og dogmefilm. I andre samanhengar blir filmar delte inn i sjanger primært etter dramaturgi og innhald. Då blir det brukt sjangeromgrep som drama, komedie, skrekkfilm, musikal osv.

Store norske leksikon seier dette om filmsjangrar:

«Innen film har sjangerbegrepet helst vært brukt med utgangspunkt i den anglo-amerikanske filmindustrien og om bestemte grupper av filmer: musikal, skrekkfilm, kriminalfilm, gangsterfilm, krigsfilm, western. Disse filmsjangerne kjennetegnes ved deres betydelige og varige appell overfor et bredt publikum.»

«Sjanger». (2013, 14. august).

Oppgåve

Studer dei tre filmplakatane. Sjå gjerne anslaget til filmane (ca. dei første 5 minutta): Catfish, Victoria og Tuba Atlantic.

  1. Kva sjanger vil du seie filmane tilhøyrer?
  2. Kva kjenneteikn er det som gjer at du meiner filmen tilhøyrer nettopp denne sjangeren?
  3. Diskuter det du kom fram til med dei andre elevane i klassen. Har de komme fram til same svar? Kvifor? / Kvifor ikkje?

Kjelde

Sjanger (2013, 14. august). I Store norske leksikon. Hentet 28. april 2016 fra https://snl.no/sjanger.

Skrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018