Kva er profesjonell mediekommunikasjon? - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Kva er profesjonell mediekommunikasjon?

Ta bilete og skriv bilettekstar for å definere faguttrykka "personleg kommunikasjon", "personleg mediert kommunikasjon" og "mediert kommunikasjon".
  1. Del klassen i grupper. Kvar gruppe skal velje seg to av dei følgjande fagomgrepa:
    • personleg kommunikasjon
    • personleg mediert kommunikasjon
    • misforstått kommunikasjon
    • profesjonell mediekommunikasjon
  2. Diskuter betydninga av omgrepa i gruppene.
  3. Finn døme som illustrerer betydninga av omgrepa.
  4. Ta bilete som viser og illustrerer betydninga av omgrepa. Bruk gjerne mobil. Skriv bilettekst til kvart av dei to bileta.
  5. Eventuell levering skjer etter avtale med lærar.

Tips

Set dykk godt inn i kva fagartiklane på NDLA seier om fagomgrepa de har valt å jobbe med.

Prøv å få fram dei viktigaste forskjellane mellom omgrepa, det vil gjere det enklare å planlegge bileta.

Set gjerne idéane dykkar litt på spissen. Då blir det gøyare å jobbe med omgrepa, og det blir truleg lettare å forstå dei.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2019