Forteljeteknikkar og verkemiddel i medieuttrykk
Forskjellen på forteljeteknikkar og verkemiddel
Forteljeteknikk er korleis ei forteljing blir fortalt. Kva er oppbygginga? Kven fortel, kven er med i historia, og kva hendingar er viktige for å drive forteljinga framover?
Verkemiddel bruker vi for å forsterke, gi farge og kjensler og styre spenninga i forteljinga.
Å fortelje spøkelseshistorier
Forteljeteknikk handlar om korleis forteljaren bygger opp forteljinga. I kva rekkefølge få vi presentert hendingar, kjem dei kronologisk? Korleis startar spøkelsesforteljinga, korleis held ho fram, og kva er slutten på forteljinga? Kven har forteljestemma? Er forteljinga lagd opp som di eiga oppleving, eller er ho opplevinga til nokon andre?
Vi bruker forteljeteknikkar òg når vi set saman medieuttrykk. Teknikkar som anslag, kronologisk struktur og tilbakeblikk er vanleg i mellom anna film, podkast og teikneseriar. Synsvinkel, forteljestemme og rammeforteljing er andre forteljeteknikkar.
Verkemiddel i medieuttrykk
Du veit kva du skal fortelje, og kvifor du fortel historia. Fortel du spøkelseshistorier til vennene dine, vil du at dei skal oppleve spenning og kanskje skvette til slutt. Når du skal lage medieuttrykk, bestemmer du deg for om du skal informere, engasjere eller påverke publikummet ditt. Så vel du språklege, visuelle og/eller auditive verkemiddel avhengig av uttrykksform. Dramaturgiske verkemiddel vel du på tvers av uttrykksformer.
Tenk over
Desse to setningane beskriv det same innhaldet, men gir oss ulike kjensler og assosiasjonar:
Hunden sprang mot mannen.
Valpen gjorde eit begeistra hopp og sette i fullt firsprang mot bestefaren.
Kva effekt har dei språklege verkemidla som er brukte i den andre setninga?
Visuelle verkemiddel
Visuelle verkemiddel er verkemiddel vi ser med auga våre. Ein illustratør kan bruke bestemde former og fargar til å formidle ei oppleving eller ein bodskap. Ein fotograf bruker djupneskarpleik, biletutsnitt og kameravinkel til å skape ei ønskt stemning eller trigge bestemde kjensler hos dei som ser biletet. I barne-tv bruker ofte produsentane sterke fargar og enkle former.
Auditive verkemiddel
Auditive verkemiddel er verkemiddel vi fangar opp med høyrselen. Det kan vere verkemiddel i tale, som eit bestemt toneleie eller ei bestemd stemmehøgde, eller det kan vere bruk av spesielle miljølydar, lydeffektar og bakgrunnsmusikk i ein radioreportasje, ein podkast eller ein film.
I film- og tv-produksjonar blir auditive og visuelle verkemiddel brukte i samspel. Det kallar vi audiovisuelle verkemiddel. Du oppfattar lyd med øyra (audio-) og bileta med auga (visuell). I ei reklamescene blir lyd og bilete sette saman for å forsterke kommunikasjonen.
Finn auditive verkemiddel i ein radioreklame
Lytt til radioreklamen for Color Line SuperSpeed. Beskriv korleis ulike lydar blir brukte som verkemiddel. Kva bodskap trur du Color Line prøver å formidle til kundane?
Reklame: Color Line SuperSpeed
Tekstversjon
[Effekt- og miljølydar med hesteriding, hestevrinsk, vatn og måkeskrik.]
Mannsstemme les: 51408 hestar under vatn. Color Line SuperSpeed, den raske sjøvegen til Danmark.
Film: Element i den gode forteljinga
I filmen under (lengde 2:11) beskriv filmregissør Siri Eide fire teknikkar du kan bruke for å fange og halde på merksemda til mottakaren og skape kjensler og engasjement:
overrasking
attkjenning
noko som gjer deg nysgjerrig (suspens) – informasjon som blir halden igjen og avslørt seinare
kuriositet, noko annleis, noko sensasjonelt eller pirrande
Beskriv forteljeteknikken i eit tv-intervju
Sjå videoklippet "Regissør får smake egen medisin" på NRK og finn dei fire teknikkane som er bekrive i filmen Element i den gode forteljinga.
Korleis bruker NRKs kulturjournalist Christian Ingebrethsen dei fire elementa (overrasking, attkjenning, nysgjerrigheit, kuriositet) i intervjuet med regissør Ruben Östlund?
Kva er anslaget?
Korleis er innslaget elles bygd opp?
Dramaturgiske verkemiddel
Når du bruker verkemiddel for å forsterke spenninga og interessa til mottakaren for forteljinga, kallar vi det dramaturgiske verkemiddel. Både i nyheitsreportasjar og i spelefilmar er det til dømes vanleg å byrje med eit anslag som pirrar nysgjerrigheita.
Typiske dramaturgiske verkemiddel i eit anslag kan handle om korleis musikk, klipperytme eller eit sentralt sitat frå eit intervjuobjekt blir brukt.
Andre typiske dramaturgiske grep er å la hovudkarakteren møte hindringar, varsel eller tidsfristar, eller å vise eller halde tilbake informasjon for karakterane og/eller sjåarane.
Når vi nærmar oss klimaks i ei forteljing, kan eit dramaturgisk grep vere klipperytmen. Du kan til dømes klippe raskt mellom nærbilete av ansiktet til hovudkarakteren og oversiktsbilete situasjonen hen er i. Konfliktar, vendepunkt og måten du vel å avslutte på, er òg dramaturgiske grep.
Dramaturgiske verkemiddel i Team Pølsa
I tv-dokumentaren Team Pølsa (2025) følger vi seks ungdommar med funksjonsutfordringar. Til slutt skal ungdommane ta seg gjennom VM-løypa i Trondheim.
NRK: Team Pølsa. 6. Den store finalen
Sjå cirka 29:00–30:30 i episoden "Den store finalen".
Beskriv korleis klipping og klipperytme blir brukt som dramaturgisk verkemiddel.
Beskriv korleis ulike lydformer blir brukte som dramaturgisk verkemiddel.
Ein god forteljar meistrar produksjonsutstyret
Jo betre du kjenner forteljeteknikkar og verkemiddel, og jo betre du kjenner utstyr og programvare, jo betre styrer du kommunikasjonen i dei medieuttrykka du lagar.
Når du bruker eit spegelreflekskamera, vil du i starten ha nok med å finne ut korleis blendar- og lukkarinnstillingane fungerer reint teknisk. Men etter kvart som du blir kjend med teknologien, blir han på eit vis usynleg. Då kan du konsentrere deg om å å få fram eit bestemt biletuttrykk i fotografiet ditt som kommuniserer det du ønsker å formidle.
Før du har lært deg å klippe i bilet- og lydfiler, og før du forstår korleis rytme i klipping verkar inn på kommunikasjonen, er det vanskeleg å bruke klipperytme som verkemiddel. Det er først når du aktivt og medvite tek i bruk innstillingar og funksjonar i opptaksutstyr og programvare at du blir i stand til å bruke ulike forteljeteknikkar og verkemiddel i eigne produksjonar.
Sentrale fagomgrep
- forteljeteknikk
- samleomgrep for ei rekke grep vi kan bruke når vi skal fortelje ei historie, til dømes val av synsvinkel, forteljetempo og måten forteljinga er bygd opp på
- verkemiddel
- eit språkleg, teknisk eller dramaturgisk grep som blir brukt til å forsterke kommunikasjon, som lyssetjing, lydeffektar eller ein kombinasjon av fargar i medieproduksjonar
- dramaturgiske verkemiddel
- blir brukte i film for å fange og halde på interessa til publikum, til dømes å la hovudkarakteren møte hindringar, varsel eller tidsfristar, eller å vise eller halde tilbake informasjon for karakterane og/eller sjåarane
- språklege verkemiddel
- ord og uttrykksmåtar som vi vel (oftast medvite) for å framkalle bestemde tankar og reaksjonar hos mottakaren, til dømes gjentakingar, kontrastar, språklege bilete og rim
- visuelle verkemiddel
- verkemiddel som vi oppfattar med auget, til dømes fargar eller bruk av lys og skugge i eit bilete
- auditive verkemiddel
- verkemiddel som vi fangar opp med høyrselen, som bruk av spesielle miljølydar, lydeffektar og bakgrunnsmusikk i ein radioreportasje, ein podkast eller ein film
- audiovisuelle verkemiddel
- verkemiddel som vi oppfattar med øyra (audio-) og auga (visuell), som når lyd og bilete blir sette saman for å forsterke kommunikasjonen i ein reklamescene



