Filformat ved lagring av bilete - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Filformat ved lagring av bilete

Bilete som blir behandla digitalt, må lagrast i eit filformat. Det er vanleg å skilje mellom produksjonsformat, arbeidsformat og utkøyringsformat. Eit filformat fortel biletbehandlingsprogrammet korleis biletet er bygd opp, og korleis det skal visast på skjermen.

Kva for bilete trur du er mest komprimert? Dreg du skyvaren til høgre og venstre, ser du forskjellen på komprimeringsgrad 0 og 12 på eit JPEG-bilete.

Produksjonsformat

Ved produksjon av bilete blir filformat med høg kvalitet og lite komprimering nytta. Raw-formatet er eit filformat spesielt berekna for opptak. Forskjellige kameraprodusentar har eigne raw-format, men felles for alle er at dei mottek og lagrar ubehandla informasjon frå biletbrikka til minnekortet ditt. Biletfilene blir dermed større, men til gjengjeld får du full kontroll over alle innstillingar som kameraet sjølv legg på opptak i JPEG-format. Ei raw-fil kan derfor samanliknast med eit digitalt negativ, ei originalfil.

Vanlege filformat ved produksjon: RAF, CR2, NEF, OMF

Arbeidsformat

Når vi arbeider med bilete digitalt, bruker vi filformat som held same biletkvaliteten gjennom heile etterbehandlingsprosessen. Felles for desse filformata er tapsfri (ikkje-destruktiv) komprimering. Filformata er godt eigna om ein skal arbeide med eit bilete over tid, både fordi kvaliteten blir teken vare på, og fordi biletfilene inneheld mykje informasjon om etterbehandlinga. Kanskje viktigast av alt er at biletfilene held på inndelinga i forskjellige justeringslag når du opnar og lukkar dei. Filformata gir høvesvis store filstorleikar.

Vanlege filformat: TIFF, PSD

Publiseringsformat

Her vil val av lagringsformat variere etter kor og korleis biletet skal brukast, om det skal brukast på skjerm, eller om det skal trykkjast. Når du lagrar bilete for bruk på nett, er det viktig å bruke standardiserte filformat som kan lesast av datamaskinar over heile verda. Filformata komprimerer og gir små filstorleiker slik at filene enkelt kan sendast og takast imot over nettet.

Vanlege filformat: JPEG, PNG, GIF

Dersom biletet ditt skal trykkjast, må du lagre det i eit filformat med tapsfri komprimering for best mogleg biletkvalitet. Bilete som skal trykkjast, må ha høg oppløysing, og filstorleikane blir derfor høvesvis store.

Vanlege filformat: TIFF, PSD, PDF

Komprimeringsmetodar

Dei ulike filformata bruker forskjellige metodar for å komprimere bileta. Komprimering vil i praksis seie at storleiken på biletfila blir redusert. Vi skil hovudsakleg mellom komprimering med tap av kvalitet (destruktiv komprimering) og komprimering utan tap av kvalitet (ikkje-destruktiv komprimering):

  • Ikkje-destruktiv komprimering er, som namnet seier, ei komprimering utan tap av kvalitet. Dette vil seie at filstorleiken blir redusert utan at ein reduserer biletkvaliteten. Biletet held på all informasjon, men på ein meir effektiv måte. Det finst fleire måtar å gjere dette på, men ei mykje brukt tapsfri komprimering er den såkalla LZW-komprimeringa (etter opphavsmennene Abraham Lempel, Jacob Ziv, og Terry Welch). Her blir biletet komprimert ved at informasjonen for eit heilt område blir lagra, heller enn informasjonen til kvar enkelt piksel. Mengda informasjon blir dermed redusert utan at biletkvaliteten blir påverka. PSD, TIFF og PNG er eksempel på filformat som bruker tapsfri komprimering.
  • Destruktiv komprimering er ei komprimering som reduserer filstorleiken ved å fjerne informasjonen i biletet. Dette vil påverke biletkvaliteten med omsyn til auka pikselering og redusert toneomfang. JPEG-komprimering er i dag den vanlegaste destruktive komprimeringa som blir brukt. Den fungerer i korte trekk ved å samanlikne større eller mindre blokker av pikslar for så å fjerne informasjon som matematisk blir rekna som mindre viktig. Graden av komprimering kan styrast i lagringspaletten (kvalitet: 0–12). Som ein tommelfingerregel bør du unngå lågare komprimeringsgrad enn 8 for fotografi. JPEG-formatet bruker øydeleggjande komprimering, og du må derfor unngå å lagre biletet ditt som ein JPEG mens du arbeider med det. Dette er viktig fordi biletet blir komprimert på nytt kvar gong du lagrar. Dermed vil kvar lagring gradvis øydeleggje biletet ditt.

Du kan lese meir om komprimering av bilete her: Pikselbaserte bilete

Skrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2022