Eigenvurdering for emna i kreativitet, produksjon og prosess - Medieuttrykk 1 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emna i kreativitet, produksjon og prosess

Har du fått eit innblikk i korleis du kan drive idéarbeid? Har du fått testa ulike teknikkar for idéutvikling og samarbeid i kreative prosessar? Sjekk ut denne eigenvurderinga, og sjå kva du har fått med deg frå emna i kreativitet, produksjon og prosess.

Sjekkpunkt

  • Eg veit kva det vil seie å bruke eigen kreativitet, åleine og saman med andre.
  • Eg kan bruke ulike teknikkar for idéutvikling.
  • Eg kan gi mi vurdering av ein idé.
  • Eg meistrar teknikkar for skisseteikning.
  • Eg forstår at idéutvikling er ein prosess ein må bruke tid på.
  • Eg kan presentere ein idé for andre.
  • Eg kan lage moodboard, tankekart, pitch og storyboard.
  • Eg kjenner til nokre av desse kreative metodane: tankekart, kleshengar, dialogkafé, ABC-metoden, rollespel og/eller NABC-metoden.
  • Eg har blitt meir klar over korleis eg kan drive kreative prosessar med andre.




FAGOMGREP

Skrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021