Hopp til innhald
Fagartikkel

Denotasjonar og konnotasjonar i skrift, lyd og bilete

For å kunne tolke eller utforme eit medieuttrykk må du ha innsikt i kva eit teikn eller ei samanstilling av teikn tyder i ein kultur. Medieuttrykk er ofte sammensette tekstar der bodskapen blir formidla gjennom ein kombinasjon av lyd, tekst og bilete.

Denotasjon og konnotasjon

Omgrepa teikn, denotasjon og konnotasjon blir brukte i analyse av medieuttrykk. Eit teikn er den minste meiningsberande eininga i eit medieuttrykk. Sjølv om eit teikn har ei fast grunntyding (denotasjon), kan dei erfaringane og assosiasjonane ulike mottakargrupper knyter til teiknet, gjere at dei oppfattar meininga med teiknet på ulik måte. Denne tilleggtydinga blir kalla konnotasjon.

Når du skal planleggje og utforme eit medieuttrykk, må du tenkje nøye gjennom kva teikn du bør bruke for at mottakaren skal oppfatte bodskapen din. Då er det nyttig å studere denotasjonar og konnotasjonar i profesjonelle medieuttrykk.

  • Når du skal finne det denotative nivået i eit medieuttrykk, beskriv du forma, altså kjenneteikn ved korleis det ser ut eller er utforma.
  • Konnotasjon er det meiningsinnhaldet folk flest som tilhøyrer same kultur, assosierer med det dei ser eller høyrer.

Samansette tekstar

Omgrepet tekst blir i mediefaget brukt om alle meiningsberande uttrykk, anten dei består av lyd, bilete, skrift eller kombinasjonar av desse. Kombinerte medieuttrykk blir ofte kalla sammensette tekstar. Korleis skrift, lyd og bilete blir sette saman, er avhengig av eigenarten til og føremålet med teksten. Ein reklameplakat og ein nyheitsartikkel kombinerer for eksempel tekst og bilete på ulik måte.

Skrift som medieuttrykk

Skrift «fryser» talespråket og gjer det mogleg å bevare og tilarbeide bodskapen eller ideen. Derfor er manus eit viktig planleggingsdokument i videoproduksjon. I ein artikkel hjelper titlar og mellomoverskrifter oss med å få oversyn over innhaldet. Skrift blir ofte brukt til å gjere tolkingsalternative færre i mindre presise uttrykk som bilete og musikk.

Denotasjonsnivået i skrift er bokstavar og ord. Men bokstavar kan utformast på ulik måte. Dei ulike skriftene vi kan velje mellom, gir ulike konnotasjonar. Det er ikke tilfeldig at romanar, årsrapportar og bursdagskort bruker ulike skrifttypar.

Lyd som medieuttrykk

Innanfor lyd er det vanleg å skilje mellom tale, musikk og reallyd. Når vi snakkar, har stemmeleie og stemmestyrke mykje å seie for korleis bodskapen blir oppfatta.

«Radiofolk vet at hvis du gjør et intervju med en person som går, så hopper stemmen litt for hvert skritt. (Hør etter neste gang noen ringer deg fra mobilen.) Det får stemmen til å høres usikker ut, iblant litt gråtkvalt. Legger man til lyden av skritt, derimot, forstår vi hvorfor stemmen sjelver, og hører det ikke. Hjernen glatter ut hørselsinntrykkene, fordi skrittlyden forklarer den.»
(Fagerjord, Hannemyr og Liestøl, 2009, s. 46–47)

Visste du at det i sportssendingar på TV kan bli lagt til lyd av stavtak på skigåing og lyden av spark på ballen under fotballkampar? På TV blir opplevinga frå konkurransar i skiskyting forsterka ved hjelp av lydeffektar.

Finn du eksempel på lydeffektar i siste sending?

Skiskyting på NRK TV

Musikk skapar stemning, rytme og forsterkar kjensler. Musikk blir derfor ofte brukt saman med andre medietypar for å gi dybde til ein bodskap, som for eksempel når lokal musikk blir brukt for å streke under eigenskapar ved ein bestemd stad eller ei bestemd folkegruppe i reiseprogram på TV. Musikk blir også brukt for å lage mjuke overgangar mellom biletsekvensar i film, eller som spenningsskapande element. Reallyd og lydeffektar er også viktige lydformer i samansette tekstar.

«Lacrimosa» frå Mozarts rekviem

0:00
-0:00
Lyd: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Lytt til musikkstykket «Lacrimosa» framført av Wien statsoperakor og Wien filharmoniske orkester. Kva stemning skapar denne musikken? Sjekk med sidemannen. Opplevde de musikken på same måten?

Bilete

Bilete er i utgangspunktet attgjevingar (representasjonar) av vekelegheita. Er biletet godt komponert, med tydeleg motiv og prioriterte element, kan det ha ein tydeleg bodskap sjølv om det står åleine. Men ofte treng biletet tilleggsinformasjon i form av skrift for at det vesentlege skal komme fram.

Dette biletet syner liket av den tre år gamle syriske flyktningen Alan Kurdi som er skylt på land på ei strand i Tyrkia. Når vi skal finne det denotative nivået i biletet, beskriv vi det vi ser: eit barn med blå bukse, raud genser og små, slitte skor på føtene ligg med ansiktet ned i vatnet i standkanten. Men sommaren 2015 rysta dette biletet heile Europa, og det skuldast dei konnotasjonane som oppstår når vi ser biletet. Det uskuldige, døde barnet vart for mange eit symbol på den ufattelege tragedien som følgde i kjølvatnet av krigen i Syria.

Kjelde

Fagerjord, A., Hannemyr, G. og Liestøl, G. (2009). Sammensatte tekster. Arbeid med digital kompetanse i skole. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017