Øvelse
Analyse av dramaturgien i nyheitene
Her ser vi nærmare på strukturen til eit innslag i eit nyheitsprogram. Blir APUS-oppskrifta følgt?
APUS-modellen er ein mykje brukt dramaturgisk modell i aktualitets- og hendingsnyheiter. Lytt til dette klippet frå ei tidlegare nyheitssending på NRK P3. Klarer du å identifisere dramaturgien i radioinnslaget?
Enkel dramaturgianalyse av eit nyheitsinnslag
Lytt til klippet og svar munnleg på spørsmåla. Jobb i par.
- Kor byrjar og sluttar anslaget? I kva grad klarer anslaget å vekkje nysgjerrigheita di og skape interesse?
- Kva blir sagt i presentasjonen? Kor vellykka synest du presentasjonen i dette innslaget er?
- Kva får vi vite i utdjupinga?
- Korleis er slutten på innslaget? Får vi ei avrunding?
- I kva grad meiner du dette innslaget er bygd opp etter APUS-modellen? Kva fungerte bra? Kva kunne ha fungert betre?
- Kvifor bør du ha eit bevisst forhold til dramaturgi når du lagar eit nyheitsinnslag?