Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3

Denne rettleiinga gir tips og råd om disposisjon av arbeid og kjeldebruk i samband med eksamensoppgåva i mediesamfunnet 3.

Merk

Førebuingsdagen før eksamen er gått ut som følge av at problem knytte til bruk av KI-tenester foreløpig ikkje er løyste.

Frå 2027 vil eksamen bli avvikla utan bruk av hjelpemiddel.

To eksamensoppgåver

  • I oppgåve 1 bruker du modellar, teori eller retningslinjer på ein medietekst som ligg ved eksamensoppgåva.

  • Oppgåve 2 er ei drøftingsoppgåve.

Det er tilrådd at du bruker omtrent 40 prosent av tida på den første oppgåva og 60 prosent av tida på den andre oppgåva.

Førebuingar

  1. Set deg inn i sentrale tema. Skaff deg oversikt og lag tankekart.

    • Kva fagomgrep, teoriar, modellar og retningslinjer er sentrale for ulike tema innanfor mediefag?
    • Kva saker er relevante frå den offentlege debatten dei siste par åra?
    • Korleis har du allereie jobba med sentrale tema i faget og den offentlege debatten?
  2. Definer fagomgrep og formuler problemstillingar som er relevante for temaa du har lista opp.
  3. Organiser kjelder og plukk ut relevant informasjon frå pålitelege kjelder, som ressursar frå NDLA og lærebøker i mediefag. Er du usikker på kvaliteten på kjeldene: Bruk TONE og utøv kjeldekritikk.

  4. Plukk ut og organiser sitat frå kjelder du kan få bruk for på eksamensdagen.

  5. Sett deg inn i meiningsytringar og kronikkar, ta stilling til argumenta som blir presenterte, med utgangspunkt i teoriar, modellar og retningslinjer som høyrer til mediefaget.

Eksamensdagen

I oppgåvesvara skal du vise evne til å diskutere, drøfte og reflektere rundt faglege problemstillingar.

  • Les oppgåveteksten godt og planlegg svaret ditt.

  • Lag ein enkel disposisjon og svar utfyllande på alle delar av oppgåva.

  • Vis solid fagkunnskap! Du skal bruke relevante fagomgrep og teoriar på ein presis og sjølvstendig måte.

  • I svaret skal du drøfte, argumentere og vise sjølvstendig refleksjon.

  • Eksamenssvaret skal vise at du har innsikt i og kan vise til aktuelle døme og tema frå offentleg samfunnsdebatt.

  • Du skal òg kunne vurdere og reflektere rundt problemstillingar knytte til etiske normer og gjeldande regelverk.

  • Drøft og dokumenter kjeldebruk. Oppgi kjelder når du bruker dei undervegs i teksten, og set opp ei kjeldeliste i slutten av oppgåva. Knyt eigne kommentarar eller drøftingar til kjeldene du nyttar deg av i oppgåva.

  • Les godt gjennom det du har skrive, før du leverer.

Relatert innhald

Strategiar ved søk på nett

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 09.04.2026