Presenter resultatet av eit overflatesøk - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Presenter resultatet av eit overflatesøk

Eit overflatesøk gir deg ei brei oversikt over tilgjengelege kjelder og informasjon innanfor eit tema. Du øver deg på å bruke søkjeord, vurdere treffa du får og plukke ut kjelder og informasjon frå kjelder. Til slutt skal du presentere resultatet av overflatesøket.

A) Vel deg eitt sentralt tema i faget

  • Plukk tre sentrale fagbegrep eller uttrykk frå tema du jobbar med.
  • Gjer raske overflatesøk på desse tre sentrale faguttrykka.

1) Søk og plukk ut kjelder

Som du ser av lista nedanfor, skal du finne informasjon både digitalt og analogt. Prøv ut ulike søkjeord i dei ulike digitale søketenestene og plukk ut to kjelder.

  • Gjer eit søk på Google
  • Gjer eit søk på Regjeringen.no
  • Gjer eit søk på A-tekst dersom du har innlogging
  • Gjer eit biletesøk
  • Gjer eit søk på Twitter
  • Send ein e-post eller ring til nokon som har greie på temaet
  • Gå på biblioteket og finn ei bok om temaet

2) Prioriter og organiser

Få oversikt over og organiser funna dine. Du kan til dømes skrive eit notat med tittel på kvar kjelde, kvar kjelda finnast og kva som er relevant ved denne kjelda.

  • Plukk ut dei fem beste kjeldene og argumenter for kvifor desse er best
  • Plukk ut dei fem mest ulike kjeldene og forklar kva det er ved desse fem kjeldene som gjer dei så forskjellige frå hverandre

Husk at formålet med å organisere kjeldene du har plukka ut, er å presentere overflatesøket for temaet du arbeider med.

3) Skriv ned sentral informasjon

  • Plukk ut tre kjelder av dei fem
  • Skriv ned sentral informasjon frå disse tre kjeldene. Skriv gjerne informasjonen opp i sitatform
  • Argumenter for kvifor dette er sentral informasjon

B) Presenter

  • Korleis gjekk du fram med overflatesøket?
  • Kva for søketenester og informasjonskjelder endte du med å bruke? Kvifor?
  • Kva slags sentral informasjon fann du?
  • Fann du nokre grenseoppgangar mellom dei tre fagbegrepa du tok utgangspunkt i?
  • Korleis vil du gå vidare i søkjeprosessen og fortsette med dybdesøk? Beskriv og forklar kvifor.

Reflekter

  • Har du klart for deg kva som er forskjellen på søketenester, kjelder og informasjon?

  • Kva for kjelder vart du mest overraska over å finne?

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021