Lovverk og etisk ansvar i marknadsføring - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Oppgåve

Lovverk og etisk ansvar i marknadsføring

Lage ein film om lovverket i marknadsføring, og fordjup deg i eit tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring.

Oppgåve 1

Lag ein film med tittelen Lovverk i marknadsføring. Jobb gjerne i grupper på to til fire.

Tips til innhald i filmen:

  • Sei noko om kvifor vi har lover og reglar.

  • Nemn kva lovverk som er viktige for oss i marknadsføringssamanheng.

  • Forklar og gi døme, slik at innhaldet i lovene kjem tydeleg fram.

  • Fortel kva som skjer dersom lovene ikkje blir følgde.

Oppgåve 2

Lag ei kort videoførelesing der du presenterer eit sjølvvalt tema knytt til lovverk og etisk ansvar i marknadsføring. Videoførelesinga skal vare i maksimalt fem minutt.

Krav til videoførelesinga

  1. Videoen skal lagast for éi av følgjande målgrupper – du vel sjølv kva for ei: barn i alderen 8–10 år, elevar i vidaregåande skule eller eldre over 65 år.
  2. Du skal forklare temaet med dine eigne ord, men på ein måte som er tilpassa målgruppa. Tenk gjennom korleis du snakkar, og korleis du presenterer stoffet, for å nå målgruppa.
  3. Det skal kome fram at du har undersøkt og tenkt gjennom ulike sider ved emnet ditt. Prøv å gi mottakarane dine ny innsikt og forståing.

Forslag til tema å velje mellom

  • marknadsføringslova
  • openheitslova
  • varemerkelova
  • forbrukarkjøpslova og andre forbrukarrettar

Har du eit anna forslag til tema? Snakk med læraren din og høyr om temaet kan passe.

Slik lagar du videoen

Du kan lage ei videoførelesing på mange ulike måtar. Ein effektiv metode er å veksle mellom ulike visuelle element, til dømes PowerPoint-lysbilete og eit halvnært utsnitt av deg mens du snakkar. Du kan òg vise ein presentasjon i PowerPoint og snakke i bakgrunnen. Det finst mange gratis program som du kan bruke for å ta skjermopptak.

Gratisprogram for skjermopptak
  • Screencast-O-Matic

  • Microsoft PowerPoint

  • Explain Everything

  • Clips