Kva er kritisk mediekompetanse? - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kritisk mediekompetanse?

Har du eit medvite forhold til media? Kritisk mediekompetanse handlar om å kunne stille kritiske spørsmål til innhald i media og til betydninga media har for samfunnet.
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-NC-SA 4.0

Kva er kritisk mediekompetanse?

Har du kritisk mediekompetanse, kan du media.

  • Du har evne til å ta i bruk medium og digitale verktøy. Du veit til dømes korleis du aktivt kan ta i bruk appar for å bestille kollektivtransport og bruke ordbøker på nett.

  • Du meistrar strategiar for å vurdere medieinnhald kritisk og forstår korleis kontekst og retoriske strategiar verkar inn på bodskapen. Du kjenner igjen verkemiddel som er brukte i reklame og måten bedrifter kommuniserer på, for å bygge omdømme, og du kan vurdere verkemidla kritisk.

  • Du kan vurdere din eigen og andre sin mediebruk og medieproduksjon og forstår korleis innhald påverkar individ og grupper. Du kan skilje mellom sunn og usunn kommunikasjon på sosiale medium både blant venner og influensarar.

  • Du veit betydninga av ytringsfridom og har evne til å delta og kommunisere i den offentlege samtalen. Du kan uttrykke meiningar munnleg og skriftleg om saker du er oppteken av i samfunnet, for å opplyse folk og forandre deira syn på saka.

  • Du har òg kunnskapar om mediebransjen. Du kjenner til eigenskapar ved sentrale mediekanalar og -plattformer og kan vurdere korleis ulike interesser verkar inn på produksjonen av medieinnhald. Du veit at nyheitskriterium kan stå i vegen for god formidling av ei nyheitssak og kan oppdage når det skjer. Du veit òg korleis kommersielle interesser vil få deg til å kjøpe virtuelle varer i dataspel.

  • Dessutan kan du reflektere rundt etiske problemstillingar i samband med mediebruk og medieproduksjon, til dømes spørsmål som dreier seg om personvern og opphavsrett. På kva måtar blir dataa dine lagra og brukt vidare i ulike medietenester? Korleis bruker du andre sine medietekstar på lovleg vis?

Kvifor er kritisk mediekompetanse så viktig?

Kvar dag bruker vi medium i skule, arbeid og fritid. Vi bruker medium til

  • forbruk

  • læring

  • underhaldning

  • informasjon

  • kommunikasjon

  • produksjon

Mediebruken vår grip inn i alle delar av kvardagslivet hos alle frå barn og unge til vaksne og eldre. Derfor treng vi å kunne vurdere funksjon, nytte og kvalitet ved innhald på nettet, i podkastar og tv-program, i appar og programvare.

Kritisk mediekompetanse er viktig for at du skal kunne behalde din eigen som individ. Du bør kunne ha kontroll på ditt eige liv når det gjeld tidsbruk, pengebruk og utvikling av identitet og tilhøyrsel.

Kritisk mediekompetanse i befolkninga bidreg òg til at fleire deltek aktivt i den offentlege debatten og sikrar dermed eit godt demokrati. Det er viktig å kunne skilje rett og god informasjon frå og . Når vi held oss orienterte og informerte, er det lettare å ta avgjerder og stemme ved val.

Fire grunnleggande kompetansar om medium

I eit mediesamfunn, som Noreg er i dag, er det viktig at befolkninga har ein viss kritisk mediekompetanse. Vi reknar dei fire grunnleggande kompetansane om medium for å vere følgande:

Produksjon
Medietekstar blir laga av menneske gjennom produksjonsprosessar, gjerne som samarbeid innanfor rammene av ein organisasjon.
Representasjon
Medieforteljingar representerer måtar å sjå verda på og inviterer publikum til å forstå verda på bestemde måtar. Medietekstar har bestemde formål.
Mediebrukarar
Media rettar seg mot målgrupper, og mediebrukarane reagerer på og engasjerer seg i mediekanalar og medietekstar.
Form og innhald
Sjangrar og forventningar til korleis typiske tekstar ser ut, er førande for produksjon og forståinga av medietekstar. Sosiale og kulturelle konvensjonar ligg til grunn når verkemiddel og forteljeteknikkar blir brukte for å skape meining.

Når du forstår og set i samanheng desse ulike kompetansane om media og bruker kritisk tenking til å vurdere positive og negative konsekvensar for individ og samfunnet, utøver du kritisk mediekompetanse.

Kva er profesjonell mediekritikk?

Vanlegvis reflekterer vi ikkje så mykje over kva som ligg bak grunnar til innhald i media. Det kan vere vanskeleg å oppdage kva ideologi og faktiske grunnhaldningar som ligg bak ei ytring eller ein bodskap. Nokre yrkesgrupper driv derfor med profesjonell mediekritikk. Dei bruker kritisk tenking til vurdere, kritisere og formidle vidare kritiske forhold i media.

Døme på profesjonell mediekritikk

Profesjonell mediekritikk kan til dømes vere

  • å vurdere påverknadskrafta influensarar har – er influensarar gode eller dårlege rollemodellar, og følger dei lover og reglar?

  • kritikk av einsidig vinkling frå nyheitsredaksjonar om samfunnsforhold i enkelte land, som gjer at publikum får feil oppfatning av landa

  • kritikk av ei enkelt avis sin måte å bruke ein kjendis på, til dømes VGs bruk av Erling Braut Haaland som

  • kritikk av eigarmakta til store medieselskap og konsekvensar det har for samfunnet

Kvifor er profesjonell mediekritikk viktig?

Vi blir påverka av framstillingar i media av saksforhold og personar. Og vi blir påverka i kommunikasjon vi har med andre. Framstillingar og representasjonar i media gjer derfor noko med kva oppfatning vi har av samfunnet, og haldningane vi har til saker og personar. Det gjer òg noko med dei mellommenneskelege relasjonane våre. Derfor er det viktig at vi klarer å oppdage og vere kritiske til tankesett eller verkelegheitsforståingar som kan ligge skjulte bak mediebruk eller medieytringar.

Kven er profesjonelle mediekritikarar?

Å drive med mediekritikk handlar om å observere og undersøke saksforhold i media systematisk og presentere analysen og vurderinga i etterkant.

Medieforskarar jobbar systematisk med mediekritikk innanfor emne som mediepåverknad, retoriske strategiar i medietekstar, identifisering av maktstrukturar og utfordringar med kommentarfelt på nett.

Journalistar presenterer kritiske analyser i nyheitsmedia, i aviser, på tv eller i podkastar.

Lærarar trener opp den kritiske mediekompetansen til elevane. Elevane lærer seg kva det vil seie å ha eit kritisk blikk til eigen mediebruk og i møte med innhald i media, og dei øver seg i å diskutere og reflektere over erfaringane sine.

Kjelder

Buckingham, D. (2003). Media Education. Literacy, Learning and Contemporary Culture. Polity Press.

Buckingham, D. (2007). Digital Media Literacies: rethinking media education in the age of the Internet. Research in Comparative and International Education, 2(1). 43–55. https://journals.sagepub.com/doi/pdf/10.2304/rcie.2007.2.1.43

Frantzen, V. & Schofield, D. (Red.). (2018). Mediepedagogikk og mediekompetanse. Danning og læring i en ny mediekultur. Fagbokforlaget.

Ingulfsen, L. & Gilje, Ø. (2014). Mediekompetanserapporten 2014. En systematisk oversikt over studier av mediekompetanse i befolkningen. Medietilsynet. https://www.uio.no/studier/emner/uv/ils/PPU3520D/h16/mediekompetanserapporten_2014%283%29.pdf

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021