Eigenvurdering for emnet målgrupperetting - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet målgrupperetting

Korleis skape målgrupperetta og treffsikre medieuttrykk? Og kva er formålet med å brukerteste medieinnhald?

Kva har du lært? Sjekk kunnskapen din


  • Eg veit korleis eg kan identifisere og definere ulike målgrupper.

  • Eg har kjennskap til kva segmentering handlar om, og kvifor det er viktig for verksemder å segmentere og velje målgruppe.

  • Eg veit korleis eg kan lage målgrupperetta medieinnhald.

  • Eg har innsikt i korleis mediebransjen bruker målgrupperetting og brukartesting undervegs i ein produksjon.

  • Eg kan planlegge, gjennomføre og nyttiggjere meg av funn i brukartestar og fokusgruppeundersøkingar.

  • Eg har kjennskap til korleis NRK jobbar systematisk med kjeldearbeid i ulike dramaseriar.


Omgrep

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Stina Åshilsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022