Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Diskuter influensarar som marknadskommunikasjon

Youtubarane Truls Valsgård og Kim Køste fortel korleis dei tener pengar, og korleis dei merker innhald som er reklame.

1. Sjå film

I filmen får du høre youtubarar snakke om inntening og marknadsføring (lengde 3:46).

Video: Martin Aune Walther, Maren Aftret-Sandal / CC BY-ND 4.0

2. Svar på spørsmåla

  1. Korleis kan ein youtubar tene pengar?
  2. I kva for samanheng blir tostegshypotesen nemnd?
  3. Korleis opplyser youtubarane om at videoen er sponsa?
  4. Diskuter med ein medelev: Korleis blir youtubarar og influensarar brukte som verkemiddel i marknadskommunikasjon?

    • Bruk døme.

    • Registrer kjelder, både faglege kjelder og eksempelkjeldene.

  5. Skriv eit notat og oppsummer diskusjonen. Hugs kjeldeføring.
Skrive av Maren Aftret-Sandal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 13.07.2026