Vil du publisere dette biletet? - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vil du publisere dette biletet?

Kan du utan vidare publisere bilete av born? Vurder dei ulike situasjonane.

Ta utgangspunkt i biletet ovanfor når du svarar på oppgåvene. Først må du studer Datatilsynet si rettleiing.

Datatilsynet: Bilete av barn på nett

Sjå også informasjon på nettvett.no om bilete av barna på nett.

Oppgåve 1

Tenk deg at du jobbar i ein barnehage og har teke dette biletet av eitt av barna.

  • Vil du leggje dette biletet ut på barnehagen si heimeside? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Som pressefotograf besøkjer du barnehagen Bamsebo og tek dette biletet av ei lita jente med skrubbsår på knea. Du ønskjer å bruke biletet i ein artikkel som handlar om det å jobbe som barnehageassistent. Ei av arbeidsoppgåvene er å trøste barn som fell og slår seg.

  • Kva må du tenkje på før du publiserer biletet i lokalavisa? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

Du jobbar i ei stor nettavis i Oslo og skriv ein artikkel om seksuelt misbruk av barn. Du kjem over dette biletet på nettstaden til ei lokalavis og finn ut at det passar utmerkt til saka di.

  • Kva gjer du vidare? Grunngi svaret.

Relatert innhald

Fagstoff
Åndsverklov og opphavsrett

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til lover og reglar.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018