Ungdom, medium og medborgarskap - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ungdom, medium og medborgarskap

Kor godt orienterte er unge menneske om viktige samfunnsspørsmål? Og korleis kan styresmakter og medium bidra til at fleire unge røystar ved val?

Oppgåve 1

Nokre vaksne er bekymra for at måten de unge bruker media på, kan føre til at de i lita grad held dykk orienterte om verda rundt dykk, og at de ikkje deltek i samfunnsdebatten.

Sjekk om dette stemmer for dei unge på skulen dykkar. Gjennomfør ein enkel enkét blant elevane i kantina i storefri. Del klassen inn i små grupper. Kvar gruppe skal stille spørsmål til ti elevar.

Stille følgjande spørsmål i enkéten:

  • Er du godt orientert om det som skjer i samfunnet og ute i verda?
  • Deltek du i samfunnsdebatten, til dømes på skulen eller i sosiale medium?
  • Kva tiltak bør styresmaktene setje i verk for at fleire unge skal halde seg godt orienterte om samfunnsspørsmål?

Presenter resultatet av enkéten for resten av klassen. Samanlikn resultata til dei ulike gruppene. Kva fann de i fellesskap ut om unge sin kunnskap om og unge sitt engasjement i viktige samfunnsspørsmål?

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal de framleis jobbe i små grupper.

  1. Kvifor er mange unge lite engasjerte i viktige samfunnsspørsmål? Diskuter dykk fram til tre viktige grunnar.
  2. Korleis kan media bidra til at unge blir informerte og engasjerte samfunnsborgarar? Bli samde om tre tiltak i prioritert rekkjefølgje.
  3. Lag ei felles liste i klassen over viktige tiltak.
  4. Kvar gruppe vel deretter ei regional avis, ei lokalavis, ein regional radio- og TV-stasjon eller eit sosialt medium. Ta kontakt og spør kva dei gjer for å engasjere unge menneske før kommune- eller stortingsval.
  5. Presenter gjerne dei tiltaka klassen har kome fram til, for dei redaksjonane de tek kontakt med.

Oppgåve 3

Berre 64,5 prosent av veljarane mellom 18 og 25 år røysta ved stortingsvalet i 2017. Dei som ikkje røysta, sa det var fordi dei var opptekne, ikkje var interesserte, eller hadde for lite kunnskap om norsk politikk.

Før valet i 2021 løyvde Valdirektoratet over 2 millionar kroner til informasjonstiltak spesielt retta mot unge. Eit viktig tiltak er brei satsing på YouTube, Instagram, Snapchat og TikTok med morosame, informative og inspirerande videoar om partia og stortingsvalet.

Diskuter i klassen:

  • Er dette tiltak som vil få unge til å røyste ved stortingsval? Kvifor? Kvifor ikkje?

  • Kva andre tiltak kan styresmaktene setje i verk for å få unge til å røyste?
  • Korleis kan media bidra til at fleire unge vel å bruke røysteretten?
Skrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018