Teikn: ikon, indeks og symbol - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Teikn: ikon, indeks og symbol

Har du nokon gong lurt på kvifor alle stoppar for raudt lys? Kva det er som gjer at vi tenkjer på eit pelskledd dyr når vi ser teikna K-A-T-T? Korleis får teikna betyding?

Eit teikn er noko som står for noko anna enn seg sjølv. Til dømes er strekane du les no på skjermen, teikn. Vi kallar desse teikna for bokstavar. Når vi set teikna saman, blir dei til ord.

Vi kallar gjerne slike samlingar med teikn ei melding. Meldinga har inga meining før nokon – du som les – gir meining til teikna. Men det er ikkje slik at vi alle kan tolke teikn og meldingar som vi vil. Hadde vi hatt heilt ulik forståing av det raude trafikklyset, hadde det fort vorte kaos. Vi seier derfor at tolkinga er kulturbestemt. Vi skal sjå nærare på forholdet mellom teikna og korleis vi gir dei meining.

Forholdet mellom uttrykk og innhald

Læra om teikn kallar vi semiotikk. I semiotikken skil ein mellom uttrykk og innhald. Strekane på papiret er eit uttrykk som står for eit innhald for nokon. Den siste tilføyinga er viktig. Eit teikn eller eit uttrykk – trafikklys, strekar på papir, ord i lause lufta – får ikkje noko innhald før nokon (ein person) tilskriv det meining.

Semiotikk

ein teori om teikna og meininga deira, og om korleis meining oppstår og blir endra hos ulike menneske.

Sveitsaren Ferdinand de Saussure og amerikanaren Charles Peirce blir ofte rekna som fedrane til semiotikken. Det var Saussure som klargjorde forholdet mellom 'uttrykk' og 'innhald', eller 'det beteiknande' og det 'kalla', som han kalla det. Hos Saussure ligg meininga altså i teiknet sjølv.

Peirce, på si side, understreka kor viktig 'lesaren' eller personen som tolkar teikna, er. Det er 'lesaren' som gir meining til teikna. Meininga ligg ikkje i sjølve teiknet, men i den meininga 'lesaren' tilskriv teiknet. I figuren under ser du korleis eit teikn, symbolet, er avhengig av tanken, som er framsyninga hos 'lesaren' for å stå i samband med tingen, fenomenet i verda som teikna vil uttrykkje.

Sambandet mellom uttrykk og innhald, eller symbol og ting, i trafikklysdømet er heilt vilkårleg. Vi kunne til dømes bestemt at 'raudt' skulle bety 'køyr' og 'grønt' skulle bety 'stopp'. At desse teikna har den meininga dei har fått, er ein – ei semje vi har gjort i samfunnet.

Tenk over / diskuter:

Korleis trur du konvensjonen om raudfarge som stoppsignal har oppstått?

Har du døme på teikn som har ulik betyding i ulike kulturelle kontekstar?

Tre typar av teikn

Sambandet mellom uttrykk og innhald er ikkje alltid vilkårleg. Peirce skilde mellom tre grunntypar av teikn:

  • Eit ikon liknar objektet sitt. Eit kart er å forstå som eit ikon, eit manns- eller kvinneteikn på toalettdører like så. Fotografi og bilete er ikon. Slike ikon, og ikon knytt til verktøylinja i dataprogram, blir nytta i aukande grad fordi dei kan forståast internasjonalt.
  • Ein indeks har eit direkte samband til objektet det uttrykkjer gjennom ein årsakssamanheng. Røyk er ein indeks for eld, tore ein indeks for lyn, raude utslett er ein indeks for meslingar, latter er ein indeks for glede, eit fotspor i sand er ein indeks for den som har laga det. Ein detektiv vil vere på jakt etter indeksar. Symptom er ein type indeksar som legen vil prøve å forstå.
  • Eit symbol er eit vilkårleg teikn. Sambandet med objektet er ein konvensjon (ei semje) slik som vi peika på ovanfor i dømet med trafikklyset. I orda “KATT” står bokstavane K-A-T-T for noko anna enn det skriftbiletet det viser, nemleg sjølve dyret.

Teiknet for talet to, som vi skriv slik: '2', er eit symbol; det er ingen spesiell grunn til at denne krøllen skulle referere til to gjenstandar – det er ein konvensjon. Romartalet 'II' er derimot ikonisk, like så det kinesiske teiknet for to '='.

Eit raudt kors – slik som organisasjonen Raude Kross bruker – er eit symbol, det står for noko anna enn det raude teiknet på papiret. I muslimske land har dei valt ein raud halvmåne som står for det same som det raude korset står for hos oss. Sambandet mellom uttrykk og innhald, teikn og meining er vilkårleg.



Tenk over / diskuter:

Kva slags type teikn er brukt i dei ulike app-flisene du finn på ein smarttelefon?

Finn du døme på alle teikntypane blant emojiar?

Tolking er ikkje tilfeldig

Ord er vanlegvis symbol, det vil seie at sambandet mellom orda og det dei uttrykkjer, er baserte på ein . Likevel finst det ord som er ikoniske, nemleg slike som vi kallar onomatopoetikon (lydmalande ord): svisj, gulp, krasj og dyrelydar som vov-vov, nøff-nøff og liknande.

Dyrelydar er forresten interessante. Når anda seier gakk-gakk på norsk, kvack-kvack på svensk, rap-rap på dansk, coin-coin på fransk, og quack-quack på engelsk, ser vi ikonisk likskap. Likevel viser forskjellen mellom språka at likskapen er konvensjonalisert – det vil seie at orda for ande-lydar er avhengig av ei felles forståing blant dei som bruker språket.

I språket blir dei fleste vilkårlege teiknsamband ein konvensjon for brukarane. At orda er vilkårlege, betyr ikkje at dei er tilfeldige. Det er til dømes ikkje naturleg å kalle hund “chwazc” på norsk. Kvifor?

Skrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavarar: Eirik Befring og NRK
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020