Hopp til innhald
Oppgave

Studer ein haldningskampanje

Nasjonale haldningskampanjar er eit verkemiddel i Statens vegvesens arbeid for å betre trafikksikkerheita. I denne oppgåva skal du studere ulike sider ved haldningskampanjen "Takk for oppmerksomheten".

Sjå denne filmen:

Statens vegvesen på YouTube: 3 av 10 dødsulykker skyldes uoppmerksomhet.

Filmen er brukt som eit av tiltaka i haldningskampanjen "Takk for oppmerksomheten". Den nasjonale kampanjen bestod av fleire ulike informasjonstiltak, som informasjonsfilmar, innlegg på sosiale medium og informasjon på ulike nettsider.

1) Studer haldningskampanjen

Gå saman i grupper på fire. De skal studere ulike sider ved haldningskampanjen "Takk for oppmerksomheten".

  • Fordel dei ulike områda nedanfor mellom dykk slik at gruppa får svart på alle spørsmåla.

  • Noter svara i eit digitalt fellesdokument.

  • Til slutt skal kvar gruppemedlem presentere svara på sitt område til resten av gruppa.

  • Målet er at gruppa skal få brei forståing av ulike sider ved kampanjen, som bakgrunn, ressursbruk, effekt og verkemiddel.

Område 1: Studer kampanjefilmen

A) Sjå filmen

Denne filmen vart brukt som eit av tiltaka for å nå ut med bodskapen i kampanjen:

Statens vegvesen på YouTube: Oppmerksomhet

B) Svar på spørsmåla

  1. Kva er føremålet med denne haldningskampanjen?

  2. Kven er målgruppa til Oppmerksomhet-kampanjen?

  3. Kva er bodskapen i filmen?

  4. Kva verkemiddel speler filmen på?

  5. Kvifor blir ein fotballbane brukt som måleining i filmen?

  6. På kva måte kan denne filmen påverke haldningar og åtferd hos målgruppa?

Område 2: Informasjonsspreiing på sosiale medium

På digitale flater kan informasjonskampanjen rettast til heilt konkrete målgrupper, så informasjonsspreiing på sosiale medium kan vere ein effektiv måte å nå ut til bestemte målgrupper på.

A) Studer Facebook-innlegget som vart laga til kampanjen

B) Studer resten av Facebook-sida, og svar på spørsmåla

  1. Kva målgruppe rettar Statens vegvesen seg til på denne Facebook-sida?

  2. Finn ut kor mange følgarar Facebook-sida har. Kva tenker du om dette talet? Er det lågt eller høgt for ein nasjonal kampanje som denne?

  3. Vurder engasjementet rundt dei ulike innlegga på denne Facebook-sida. Sjå på mengda delingar, likerklikk og kommentarar.

  4. Kom med forslag til andre sosiale publiseringskanalar der du meiner kampanjen kunne ha vekt meir engasjement. Presenter nokre skisser/idear til innlegg på dei ulike kanalane.

  5. Gjer eit søk og sjå om du finn døme på andre tiltak og verkemiddel som vart brukte i merksemds-kampanjen.

Område 3: Bakgrunn og bruk av verkemiddel

A) Set deg inn i informasjonen som vart lagd ut på nettsida til Statens vegvesen:

Statens vegvesen: Oppmerksomhet

B) Svar på spørsmåla

  1. Kva er bakgrunnen for kampanjen "Takk for oppmerksomheten"?

  2. Kva typar uoppmerksam åtferd blir det spelt på i denne kampanjen?

  3. Kva for nokre ulike verkemiddel tek kampanjen i bruk for å bevisstgjere trafikantane?

C) Sjå desse kampanjefilmane

D) Svar på spørsmåla

  1. Haldningskampanjar speler ofte på rasjonell argumentasjon og kjensler. Avsendaren bruker då verkemiddel som appellerer til både intellekt og kjensler, for å påverke haldningar og åtferd. Finn døme på bruk av kjensler og rasjonell argumentasjon i kampanjefilmane over.

  2. Bruk gjerne retorikken til hjelp.

  3. Korleis blir du påverka av desse filmane?

  4. Kva stilling har Gry Fluge Vindedal? Kvifor trur du ho blir brukt som kjelde i filmane?

Område 4: Ressursbruk og konsekvensar

Svar på spørsmåla

  1. Statens vegvesen er ein fagetat under Samferdselsdepartementet. Fagetaten skal levere tenester gjennom effektiv bruk av offentlege midlar. På kva måte kan denne haldningskampanjen vere eit døme på god og effektiv bruk av offentlege midlar?

  2. Forsking viser at haldningskampanjar ikkje alltid har ønskt effekt. Kva tenker du om at Statens vegvesen bruker så mykje ressursar på kampanjar som dette?

  3. Kva konsekvensar kan ein kampanje som dette få?

  4. Søk og finn døme på andre informasjonskampanjar som Statens vegvesen står bak.

2) Presenter svara for resten av gruppa

  • Kvar gruppemedlem presenterer svara for sitt område munnleg for resten av gruppa.

  • Alle i gruppa kjem med innspel til kvarandre.

3) Oppsummering

  • Korleis fungerte gruppearbeidet?

  • Kva har de lært av denne oppgåva?

Relatert innhald

Fagstoff
Haldningskampanjar

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021