Sosiale medium og ytringsfridom - Undersøk ytringar i sosiale medium - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Sosiale medium og ytringsfridom

Oppgåve

Undersøk ytringar i sosiale medium

I denne oppgåva skal du undersøkje korleis debattkulturen i sosiale medium bidreg til å hemme eller fremje ytringsfridom.

Oppgåve 1. Sjikane og truslar i politikken

Politiets tryggingsteneste (PST) var i trusselvurderinga si i 2020 spesielt bekymra for auka sjikane, personleg uthenging og truande ytringar mot unge politikarar, kvinnelege politikarar og politikarar som er engasjerte i innvandrings -, miljø- og avgiftspolitikk.

Sjå dei første fem minutta av Dagsrevyen måndag 24. mai 2021.

  • Kven er Lan Marie Berg, og kva for eit parti representerer ho?

  • Kva kjenneteiknar den sjikanen og dei truslane ho som ung, kvinneleg politikar har blitt utsett for?

  • Kvifor trur du unge, kvinnelege politikarar er spesielt utsette for netthets og truslar?

  • KS (kommunesektorens organisasjon) gjennomførte i 2019 ei undersøking blant 1 700 norske lokalpolitikarar: 4 av 10 lokalpolitikere har opplevd hat og trusler.
    Gjer greie for kva undersøkinga viser om omfanget av sjikane og truslar mot lokalpolitikarar, og korleis hetsen påverka dei.

  • Kva konsekvensar kan netthets og truslar i sosiale medium på sikt få for det norske demokratiet?

Oppgåve 2. Ubehagelege meiningsytringar i sosiale medium

  • Ta utgangspunkt i dei sosiale media du er medlem av. Gå på jakt etter meiningsytringar som du oppfattar som ubehagelege, usaklege eller støytande.
  • Presenter meiningsytringane for ein medelev, og grunngi kvifor du oppfattar dei som ubehagelege, usaklege eller støytande.

Oppgåve 3. Les fagteksten

  • Les først fagteksten Sosiale medium og ytringsfridom.

Relatert innhald

Oppgåve 4. Lag ei spørjeundersøking

Jobb saman i grupper.

  • Set dykk deretter inn i korleis de gjennomfører ei spørjeundersøking. Det ligg mykje stoff om dette i Verktøykassa på NDLA.
  • Formuler ei problemstilling som handlar om temaet sosiale medium, debattkultur og ytringsfridom.
  • Lag ei spørjeundersøking der de spør jamaldringar om forholdet deira til ytringsfridom i sosiale medium. Legg arbeid i utforminga: Spørsmåla må ikkje vere leiande, dei må vere lette å forstå, og dei må gi relevant informasjon som belyser den problemstillinga de har valt å undersøkje.
  • Tips: Bruk gjerne digitale verktøy for å gjennomføre spørjeundersøkinga. Google Skjemaer er eit aktuelt alternativ.
  • Arbeid med data frå undersøkinga, og presenter ho for klassen og andre aktuelle mottakarar.

Relatert innhald

Fagstoff
Spørjeskjema

Tips til korleis du kan utforske ved hjelp av spørreskjema.

Oppgåve 5. Kva kan vi gjere for å få ein betre debattkultur i sosiale medium?

  • Ta utgangspunkt i funna de gjorde i undersøkinga.
  • Diskuter i klassen og bli einige om tre viktige tiltak som de meiner vil betre debattkulturen og fremje ytringsfridom i sosiale medium.
Skrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021