Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Sjølvjustisen i pressa og Ver Varsam-plakaten

Norske medium har ansvar sjølve for det som blir publisert. Pressa sine eigne etiske reglar er nedfelte i Ver Varsam-plakaten. Dette er reglar som alle journalistar bør følge. Dei som bryt med desse reglane, kan få påtale av Pressens Faglige Utvalg (PFU).

Sjølvjustisen i pressa

Heilt sidan 1800-talet har norske medium hatt ei fri stilling overfor statlege styresmakter. Det er eit resultat av at Grunnlova i 1814 slo fast at det skal vere ytringsfridom og trykkefridom i Noreg.

Norske medium blir styrte etter det som vi kallar den sosialt ansvarlege pressemodellen, der pressa har ei fri og uavhengig stilling, men underkastar seg ein presseetisk .

PFU sørger for god presseskikk

Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit organ oppretta av pressa sjølv som skal sørge for at pressa følger god presseskikk og reglane i Ver Varsam-plakaten.

I eit demokratisk samfunn har redaktørstyrte medium ansvar for å avdekke kritikkverdige forhold. I slike saker oppstår det ofte konfliktar mellom medium og dei som blir omtalte. Kjenner du deg dårleg behandla av pressa, kan du klage til PFU.

Ver Varsam-plakaten

Ver Varsam-plakaten (VVP) er etiske reglar som gjeld for redaktørstyrte medium i Noreg. Regelverket er laga av pressa sjølv og omfattar heile den journalistiske prosessen, frå innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet.

Regelverket er vedteke av Norsk Presseforbund. Kvar enkelt redaktør og medarbeidar er forplikta til å følge reglane i Ver Varsam-plakaten.

"Alternative" medium som ikkje er medlem i Norsk Presseforbund, er ikkje forplikta til VVP på same måte.

Plakaten er delt inn i fire hovudområde:

1. Samfunnsrolla til pressa

Redaktørstyrte medium i Noreg skal vere frie, uavhengige og sanningssøkande. Pressa skal vareta viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa skal informere om det som skjer i samfunnet, og avdekke kritikkverdige forhold. På grunn av granskinga journalistar gjer av politiske prosessar, kallar vi ofte pressa "den fjerde statsmakta".

2. Integritet og truverd

Pressa skal vere uavhengig av dei som har makt i samfunnet, og ikkje la seg styre av politiske, økonomiske eller eigne private interesser. Redaktøren og kvar enkelt redaksjonelle medarbeidar skal verne om sjølvstendet sitt, integriteten sin og truverdet sitt.

Forholdet mellom reklame og redaksjonelt stoff er omtalt i paragrafane 2.6, 2.7 og 2.8. Truverdet til media er avhengig av eit klart skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame eller sponsing. Publikum skal vere trygg på at det redaksjonelle stoffet spring ut av ein sjølvstendig og uavhengig journalistisk vurdering, og at innhald og presentasjon er utan bindingar til utanforståande interesser.

3. Journalistisk åtferd og forhold til kjeldene

Journalistar skal som hovudregel bruke opne kjelder og kontrollere at opplysningar som blir gitt, er korrekte og truverdige. Det er god presseskikk å ønske breidde og relevans i val av kjelder.

Journalistar skal opptre omsynsfullt i møte med kjelder. Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Journalistar skal som hovudregel ikkje betale kjelder for informasjon.

Det er viktig å merke seg at ei kjelde har krav på vern mot andre som kan tenke seg å skade kjelda på nokon måte. Det betyr at opplysningane ei kjelde gir til ein journalist, som hovudregel ikkje skal kunne utleverast til andre. Journalisten har eit spesielt ansvar overfor kjelder som kanskje ikkje er klare over verknaden av det dei seier.

4. Publiseringsreglar

Denne siste delen av Ver Varsam-plakaten handlar om kva reglar som skal følgast når stoff blir publiserte. Eit grunnprinsipp i all journalistikk er å skilje mellom objektiv informasjon, som er basert på på etterprøvbare fakta, og subjektiv kommentar- og meiningsjournalistikk.

Av personvernomsyn bør pressa som hovudregel ikkje identifisere folk som er skulda for klanderverdige eller kriminelle handlingar. Av omsyn til pårørande gjeld det òg personar som er involverte i ulykker og sjølvmord.

Bilete skal som hovudregel berre brukast i den samanhengen dei vart tekne. Bilete som er manipulerte eller KI-genererte, skal merkast.

Alle som blir utsette for kritikk, har rett til samtidig imøtegåing av faktiske opplysningar.

Hugs!

"Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje!" (Norsk Presseforbund, u.å.)

Redaktørplakaten

Redaktørplakaten er laga av Norsk Redaktørforening. Han inneheld ei beskriving av pliktene og rettane til redaktøren.

Redaktøren har ansvar for at journalistane i redaksjonen jobbar i tråd med norsk lov og dei etiske reglane i pressa. I redaktørstyrte medium har redaktøren det personlege og fulle ansvaret for alt som blir publisert.

Kjelder

Norsk Presseforbund. (u.å.). Ver Varsam-plakaten. Henta 15. april 2020 frå https://www.presse.no/vaer-varsom-plakaten

Norsk Redaktørforening. (2025, 5. november). Redaktørplakaten. https://www.redaktor.no/ressurser/etiske-og-juridiske-rammeverk/redaktorplakaten

Relatert innhald

Skrive av Stein Vegard Olaussen, Ragna Marie Tørdal og Albertine Aaberge.
Sist oppdatert 15.04.2026