Norsk mediepolitikk og politiske verkemiddel - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Norsk mediepolitikk og politiske verkemiddel

Mediepolitikk handlar om at styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Målet er å sikre ytringsfridom, mediemangfald og kvalitet i media. Kva verkemiddel bruker styresmaktene i mediepolitikken, og kvifor gjer dei det?

Her er nokre døme på viktige spørsmål som handlar om norsk mediepolitikk:

  • Korleis kan staten sikre at media er relevante for alle grupper i samfunnet vårt?
  • Korleis kan staten leggje til rette for at ungdom deltek i samfunnsdebatten i Noreg?

Mediemangfald, ytringsfridom og kvalitet

Staten utøver ein politikk som skal leggje til rette for at media kan sikre ytrings- og informasjonsfridommen i landet vårt. Det er nemleg ein kjerneverdi i demokratiet.

Grunnlova § 100

Grunnlaget for den nasjonale mediepolitikken er nedfelt i Grunnlova § 100 sjette ledd (infrastrukturkravet), som handlar om ytringsfridom:

Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Her står det at styresmaktene har eit overordna ansvar for å fremje ytringsfridom og demokrati ved å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Slik har media formelt blitt tildelte ei sentral samfunnsrolle i Noreg.

Til å vere eit lite land har Noreg eit stort mediemangfald. I global samanheng er det nærast unikt. Og det er ikkje tilfeldig. Det er eit resultat av politiske vedtak og tiltak under skiftande regjeringar frå 1960-åra og fram til i dag.

"Eit ope og opplyst offentleg ordskifte" føreset eit mangfald av ulike medium, og det føreset kvalitet på innhaldet media formidlar. Jo fleire ulike medium vi har, desto fleire ulike nyheiter og debattar får vi. Dette er viktig for å kunne ta gode politiske avgjerder i eit demokrati. Derfor er det òg brei politisk semje i Noreg om at mediemangfald er viktig for demokratiet.

Mediepolitiske mål

  • Leggje forholda til rette for ein open debatt om ulike samfunnsspørsmål. I eit velfungerande demokrati er det viktig at alle grupper i samfunnet har moglegheit til å bli høyrde.
  • Fremje mediemangfald og kritisk medieforståing blant befolkninga.
  • Sikre at befolkninga har tilgang til eit breitt utval av plattformer og ytringsmoglegheiter.
  • Sikre at media er relevante for ulike grupper og miljø, og at dei fungerer som talerøyr og varetek interessene til heile befolkninga.

Sjølvregulering

Media har utarbeidd eigne retningslinjer for korleis dei skal utøve samfunnsrolla si. Det er ei semje mellom staten og media om at media skal vakte seg sjølv. For sterk statleg styring av media ville bryte med prinsippet om ei fri og uavhengig presse.

Døme på slike retningslinjer er

  • Ver varsam-plakaten
  • Redaktørplakaten
  • NRK-plakaten

Mediepolitiske verkemiddel

Politikarane bruker ulike verkemiddel for å sikre at media kan utføre samfunnsoppdraget sitt. Økonomi, regulering og prinsippet om allmennkringkasting er dei viktigaste verkemidla i mediepolitikken.

Økonomiske verkemiddel

Ulike mediestøtteordningar er utforma for å vareta det grunnlovsfesta ansvaret til staten. Dei viktigaste støtteordningane er indirekte verkemiddel som fritak for meirverdiavgift og direkte verkemiddel som produksjonstilskot.

Målet er å styrkje dei lokale media, leggje til rette for undersøkjande journalistikk og bidra til innovasjon og utvikling i mediebransjen. Produksjonstilskot, også kalla pressestøtte, er den største direkte støtteordninga.

Medietilsynet forvaltar dei ulike støtteordningane.

Pressestøtte

I Noreg er det eit viktig prinsipp at media skal vere frie og uavhengige og ikkje vere underlagde statleg kontroll eller økonomiske særinteresser. For å sikre eit variert medietilbod og styrkje demokratiet gir staten økonomisk støtte til utvalde aviser over heile landet. Desse støtteordningane blir kalla pressestøtte.

Føremålet med pressestøtta er å sikre eit mangfald av aviser. Derfor får aviser som har eit alternativt politisk syn eller verdisyn, produksjonsstøtte. Også aviser som er utsette for sterk konkurranse, eller aviser som har ei viktig rolle lokalt, kan få produksjonsstøtte. Ei av avisene i Noreg som får pressestøtte, er Klassekampen.

Sikre inntening

Det er òg eit viktig mediepolitisk mål å sikre den økonomiske innteninga til norske mediebedrifter. Dei kommersielle media i Noreg er avhengige av sterke eigarar og reklameinntekter for å overleve i kampen mot internasjonale mediegigantar.

Både politikarar og medieforskarar er opptekne av korleis eigarskap og ulike finansieringsformer påverkar journalistikken og det redaksjonelle arbeidet.

Tal for 2021

  • kompensasjon for tapte inntekter i samband med covid-19 (300 mill.)
  • produksjonstilskot (370 mill.)
  • innovasjons- og utviklingstilskot (20,9 mill.)
  • støtte til medieforsking
  • støtte til lokale lyd- og biletmedium
  • støtte til samiske aviser
  • distribusjonstilskot til aviser i Finnmark
  • støtte til etterutdanning

Regulering

Det er fleire måtar staten kan regulere media på. Det viktigaste politikarane gjer på reguleringsområdet, er å vedta lover.

Det finst fleire lover og forskrifter som regulerer medieverksemda. Spesielt viktige er lova om openheit og eigarskap i medium og kringkastingslova.

Lov om åpenhet om eierskap i medier

Føremålet med lova er å sikre openheit om eigarforhold i norske medium. Det er viktig for oss som mediebrukarar å ha kunnskap om eigarskap, oppkjøp og maktforhold i media. På den måten kan vi lettare vere merksame på kven som står bak interesser og bodskap som kjem fram i media, og vurdere relevansen og verdien av bodskapane.
Noreg har vore eit føregangsland på dette området.

Lov om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester

Etter kringkastingslova § 2-1 har Norsk rikskringkasting rett til å drive kringkasting. Andre enn NRK må ha konsesjon, altså særleg løyve, for å drive kringkasting eller lokalkringkasting.

Kulturdepartementet fastset reglar og lovverk for konsesjonstildeling. Konsesjonen blir gitt for ein tidsavgrensa periode og inneheld føresegner om føremål, dekningsgrad, lokalisering og innhaldsmessige plikter.

Medietilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med at dei aktørane som har fått konsesjon, følgjer opp pliktene sine.

Allmennkringkasting

Eit av dei viktigaste verkemidla staten har for å sikre eit mangfaldig medieinnhald av god kvalitet, er det vi kallar for allmennkringkasting.

Om omgrepet allmennkringkasting

Allmennkringkasting er den norske omsetjinga av den engelske nemninga "public service broadcasting". Omgrepet blei lansert i 1923 i samband med etableringa av den første allmennkringkastaren, British Broadcasting Cooperation (BBC).

Allmennkringkastinga si rolle er å bidra til at vi har ein felles arena som gir betre kommunikasjon, dekkje interessene til heile befolkninga og skape auka gjensidig respekt og forståing i samfunnet. Dessutan skal allmennkringkastinga styrkje norsk språk, innhald og kultur.

I dag er Norsk rikskringkasting (NRK) og TV 2 allmennkringkastarar. NRK speler ei sentral rolle som allmennkringkastar. Oppdraget deira er formulert i ein eigen NRK-plakat, som er utgangspunktet for styringa av NRK. TV 2 er den største kommersielle TV-kanalen og den einaste kommersielle TV-kanalen som har allmennkringkastingsplikter.

Å vere allmennkringkastar er eit privilegium, fordi kringkastaren får senderett til alle delar av landet. Allmennkringkastarane har eit spesielt ansvar for å halde borgarane løpande orienterte om det som skjer, både i Noreg og ute i verda. Med retten følgjer òg ei plikt til å lage eit innhaldstilbod for heile befolkninga, og til å produsere nyheits- og aktualitetsprogram.

Dei nasjonale allmennkringkastarane har òg ansvar for å ta vare på norsk språk og kultur, og for å vere ein arena for samfunnsdebatt.

Finansiering av NRK

NRK er Noregs offentleg finansierte allmennkringkastar. Gjennom eit breitt utval av kanalar, på TV, radio og nett, blir det publisert innhald som på ulike måtar skal treffe heile befolkninga.

I 2020 blei NRK for første gong finansiert over statsbudsjettet. Den tidlegare NRK-lisensen blei fjerna. Det var ein lisens ein måtte betale viss ein eigde eit TV-apparat. No blir utgiftene til NRK dekte over skattesetelen.

For 2021 blei tilskotet til NRK på 6,584 milliardar kroner. NRK si økonomiske ramme blir justert kvart år med pris- og lønnsvekst minus eit effektiviseringskrav på 0,5 % (for åra 2020–2022).

Til Dovre faller


Tenk over

  • På kva måte utøver NRK allmennkringkastar-oppdraget sitt med denne musikkvideoen?
  • Korleis kan dette medieproduktet bidra til å styrkje mangfaldet i Noreg?

Relatert innhald






Kjelder

Asbjørnsen, D. mfl. (2018). Hallo. Medier og kommunikasjon 2. Oslo: Aschehoug & Co.

Lund, A. (2020). Kringkastingsloven. I Store Norske Leksikon. Henta 23. februar 2021 frå https://snl.no/kringkastingsloven

Kulturdepartementet. (2018). Mangfald og armlengds avstand – mediepolitikk for ei ny tid (Meld. St. 17 (2018–2019)). Henta 21. april 2021 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-17-20182019/id2638833/

Medietilsynet. (2021). Allmennkringkasting. Henta 23. februar 2021 frå https://www.medietilsynet.no/mediebildet/allmennkringkasting/#anchor_7012

Medietilsynet. (2020). Mediemangfoldsregnskapet 2020. Henta 21. april 2021 frå https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2020/mediemangfoldsregnskapet-2020/200224_mediemangfoldsregnskapet_avsendermangfold-2.PDF

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen, Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021