Mediepolitikk og mediemangfald - Norsk mediepolitikk og mediemangfald i framtida - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Mediepolitikk og mediemangfald

Fagartikkel

Norsk mediepolitikk og mediemangfald i framtida

Norsk mediepolitikk skal sikre mangfald i eit medielandskap med stadig sterkare konkurranse frå globale internettselskap. Demokratiet vårt er avhengig av ein mediepolitikk som legg til rette for mediemangfald, også i framtida.
Video: Cylinder / CC BY 4.0

Norsk mediepolitikk handlar om at styresmaktene skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale og dessutan fremje mediemangfald og kritisk medieforståing blant befolkninga.

Eit breitt radiotilbod og sterke allmennkringkastarar i TV-marknaden skal saman med ein rik norsk avisflora fremje ytringsfridom og demokrati. Viss vi skal ta aktivt del i samfunnet og delta i den offentlege debatten, må vi bevare eit breitt og mangfaldig medietilbod, også i framtida.

Tenk over

  • Korleis skal staten tilpasse mediepolitikken til mediebruken i framtida?

Mediepolitikk skal verne om demokratiet

Det er svært viktig at politikarane vurderer og endrar regelverk og mediepolitiske verkemiddel i takt med den digitale medieutviklinga. Mediepolitikken i framtida skal verne om det opne nettet og den digitale samtalen, samtidig som personvernomsyn og opphavsrettar skal varetakast.

Demokratiet vårt er avhengig av ein mediepolitikk som legg til rette for frie og uavhengige norske medium. Det er viktig at politikarane finn gode støtteordningar for den uavhengige journalistikken. For samfunnsoppdraget til nyheitsmedia vil vere like viktig i framtida.

Norske medium konkurrerer med teknologi-gigantar

I dag er norske nyheitsmedium i ein krevjande situasjon. Den teknologiske utviklinga og endringane i mediebruken vår har fått store konsekvensar. Mediebransjen møter stadig sterkare konkurranse frå globale internettselskap, til dømes Google, Netflix og Facebook. Dette påverkar mediepolitikken, og ein framtidsretta politikk skal sikre ein konkurransedyktig norsk medieindustri.

Utfordrar demokratiet

Mykje ved den digitale medieutviklinga er positivt for oss mediebrukarar. Vi kan til dømes bruke ytringsfridommen vår og delta i debattar på mange ulike plattformer. Vi kan finne informasjon frå ulike kjelder, og vi kan få medieinnhald tilpassa eigne interesser.

Men det er òg fleire utfordrande sider ved den digitale medieutviklinga. Internasjonale nettselskap, til dømes Twitter og Facebook, kan bli brukte til å spreie desinformasjon og falske nyheiter i Noreg. Dette kan skape mistillit til media og det demokratiske styresettet vårt.

Ny teknologi har gjort det nesten umogleg å skilje mellom ekte og falske videoar. Deepfakes manipulerer medieinnhald. Dette kan utfordre demokratiet ved å skape forvirring og mistillit i samfunnet.

Globale selskap med stor makt

Utviklinga viser at vi overlèt store delar av både offentlegheit og privatliv til nokre få globale selskap. Gjennom brukarvilkår og retningslinjer regulerer internasjonale nettselskap kva innhald vi kan publisere.

Dette gjer at globale nettselskap får stor makt over den offentlege samtalen i Noreg. Dei kan sensurere innhald og stengje ute brukarar. Det kan avgrense ytrings- og informasjonsfridommen vår.

Sterkare regulering av teknologiselskap

I 2021 blei det i Australia vedteke ei omstridd medielov som tek tak i ubalansen mellom store teknologiselskap og nyheitsprodusentar. Lova pålegg teknologi-gigantar som Google og Facebook å betale australske nyheitsmedium for å kunne dele medieinnhald.

Land over heile verda har late seg inspirere av Australia og tek no eigne oppgjer med nettgigantane. Bør norske styresmakter gjere det same?

Tenk over

  • Korleis kan politikarane sikre at internasjonale medieaktørar som opererer i Noreg, respekterer norske konkurransevilkår?

Kjelder

Grasaas-Stavenes, E. (2021, 26. februar). Må punge ut. Klassekampen. Henta frå https://klassekampen.no/utgave/2021-02-26/ma-punge-ut

Medietilsynet. (2020). Mediemangfoldsregnskapet 2020. Henta 22. februar 2021 frå https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/mediemangfoldsregnskap/210129-mediemangfold_bruksperspektiv_2020.pdf

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022