Media i massesamfunnets tidsalder 1920–1950 - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Media i massesamfunnets tidsalder 1920–1950

Det tredje norske massemediet, radioen, blei etablert i 1920-åra. Radioen samla det norske folket og var eit viktig medium i gjenreisingstida etter krigen. Reklame var ein viktig økonomisk føresetnad for utviklinga av moderne massemedium som aviser, tidsskrift, kino og radio.

Radioen kjem inn i heimane

I 1920-åra blei radioen etablert som det tredje store massemediet i Noreg. Drivkreftene bak utviklinga var ivrige radioamatørar. Dei etablerte radioselskap i dei største byane og fekk einerett på radiosendingar.

I 1933 blei NRK oppretta som eit statleg, lisensfinansiert selskap med monopol på kringkasting i Noreg. Dei første åra blei drifta delvis finansiert av reklame. Samtidig blei Televerket pålagt å byggje ut kringkastingsnettverket i landet.

Radioen nådde eit større publikum enn avisene og filmen. I 1940 hadde halvparten av norske hushald radio, men dei aller fleste apparata blei inndregne av tyske myndigheiter. Då frigjeringa kom, blei det derfor stor etterspurnad etter radioapparat. No kunne folk over heile landet lytte til same program samtidig. Det styrka samhaldet i det norske folket i gjenreisingstida etter krigen. 1950-talet blei gullalderen for radioen i Noreg.

Gullalderen i norsk radiohistorie

0:00
-0:00
Lyd: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
Tekstsamandrag av Kurer-episoden om gullalderen i norsk radiohistorie

På slutten av 1940-talet og gjennom heile 1950-talet hadde radioen ein helt spesiell status i norske heimar. For å forstå kvifor må vi tilbake til andre verdskrig og okkupasjonen av Noreg. Radioen hadde under andre verdskrig vist seg eineståande som nyheitsmedium. Sjølv dei forbodne sendingane frå London hadde slege veldig sterkt gjennom. Radio som nyheitsmedium kom derfor styrkt ut av verdskrigen, og alle nasjonsbyggjarar og politikarar forstod at det var gjennom radioen ein kunne nå nasjonen.

Historikar og medievitar Hans Fredrik Dahl fortel at myndigheitene etter krigen prioriterte å få i stand sendenettet og skaffe folk radioapparat. Under krigen hadde tyskarane nemleg konfiskert ein halv million radioapparat, og folk trong nye. Dette var svært komplisert, sidan alt var rasjonert, og dei naudsynte komponentane måtte importerast frå utlandet. Men myndigheitene valde å leggje til rette for import av komponentar og norsk produksjon av radioapparat. Dei ville satse på radio som fellesskapsdannande medium.

Når det gjaldt produksjon av innhald på radio, fortel Halfdan Hegtun, som starta i NRK sin nyheitsredaksjon i 1946, at dei stimulerte til fellesskapskjensle ved å fortelje om nye ting som skjedde i Noreg. Redaksjonen bestod av seks–sju menn. Kvinnene i NRK jobba primært som sekretærar.

Hans Fredrik Dahl fortel at kvinnene på 1950-talet stod sterkt på ein annan måte. Radioen satsa mellom anna på forbrukarinformasjon retta mot husmødrer. Husmødrene sin status var eit uttrykk for at familien spelte ei stor rolle. Det var ingenting som truga kjernefamilien på 1950-talet – verken fjernsyn, bilar, mobilitet eller ungdomsopprør. I dette tiåret var familien den berande sosiale konstruksjonen, og radioen var mediet som batt familien saman. Dahl beskriv avslutningsvis den ideelle radiolyttarsituasjonen: ei 1950-talsstove der mor, far og to–tre barn er samla rundt det nye radioapparatet.

Avisene stagnerer

1920- og 1930-åra var prega av økonomisk nedgang, noko som førte til stagnasjon på avisfronten. I utlandet gjorde bulevardavisene, eller populæravisene, stor lykke som ein del av den massedistribuerte populærkulturen. Slike aviser fekk ikkje rotfeste i Noreg. Her rådde dei gamle, gode partiavisene grunnen.

Sjølv om radioen blei eit populært medium, var det i avisene den politiske debatten gjekk føre seg. I radioens første år var partipolitikk bannlyst i radio. Tanken var at radioen hadde ei så sterk mobiliserande kraft at politiske bodskapar ville splitte befolkninga. Men avisene heldt fram som einsidige talerøyr for ulike politiske parti.

Ein eigen medieindustri

Media hadde no vakse seg så store at vi kan snakke om ein eigen medieindustri. Ein viktig økonomisk føresetnad var utviklinga av reklame i aviser, tidsskrift, kino og radio. For avisene blei reklameinntektene etter kvart like viktige som salsinntektene.

Første halvdelen av 1900-talet var prega av store samfunnsomveltingar i Europa. Media blei bevisst brukte for å påverke folkemassane, og derfor snakkar vi om massemedia og massekommunikasjon. I tida før og under andre verdskrigen blei propaganda eit viktig våpen for makthavarane. Visuelle medium, som plakatar og filmar, eigna seg spesielt godt når målet var å appellere til kjensler og mobilisere massane til handling.

Skrive av Marte Lindstad Næss og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor
Sist fagleg oppdatert 10.11.2017