Målgrupperetta reklame for sjokolade - Kva er reklame og marknadskommunikasjon? - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Målgrupperetta reklame for sjokolade

Fagartikkel

Kva er reklame og marknadskommunikasjon?

Reklamen gjer oss medvitne om behov vi eigentleg ikkje visste at vi hadde, og fortel oss deretter korleis bestemte varer eller tenester kan tilfredsstille desse behova. Reklame inngår som tiltak i marknadskommunikasjon.

Kva er reklame?

Ordet reklame kjem av det latinske ordet reklamare som tyder «å rope ut». Reklame er eit viktig hjelpemiddel for ein produsent som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste. Reklame skil seg frå andre medieuttrykk ved at sendaren har betalt for å få formidla bodskapen sin. Derfor gjer dei fleste medium mottakarane merksame på kva som er redaksjonelt innhald, og kva som er reklame.

Marknadskommunikasjon

Marknadskommunikasjon omfattar all kommunikasjon mellom bedrift og kunde som har som føremål å styrke sal og inntening i ein bedrift. Reklame er kun eitt av fleire moglege tiltak. Ulike former for tovegs-kommunikasjon er også marknadkommunikasjon, til dømes når bedrifta legg til rette for at kunder kan kommunisere direkte med bedrifta.

Føremålet med marknadskommunikasjon kan mellom anna vere å skape tillit og kjennskap til produkt og verksemd, å informere om produkteigenskapar og å motivere til kjøp. Det er viktig at all kommunikasjon ut mot målgruppa er godt planlagd og formidlar det verksemda og produkta står for.

Marknadskommunikasjon kan skje via kommunikasjonskanalar som til dømes internett, sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift. Marknadskommunikasjon gjennom sosiale medium har blitt ein svært viktig del av marknadsføring.

Reklame gir tilleggsverdi

Vi som bur i Noreg, har tilgang til mange produkt som er nesten like. Kor mange ulike typar tannkrem står i hyllene i nærbutikken din? Kor mange ulike jeans har du å velje mellom der du handlar klede? Når utvalet er så stort, er det i første rekkje reklamen som utgjer forskjellen på om eit produkt blir lagt merke til eller ikkje. Reklamen gir produktet ein tilleggsverdi. Tannkrem gir oss ikkje berre reine tenner, men også ein ring av sjølvtillit!

Reklamen bruker ulike mediekanalar for å nå ut med bodskapen sin til potensielle kundar. Måten reklamen er utforma på, er viktig, anten vi snakkar om en reklameplakat, ein reklamefilm eller ein radioreklame. Det er dramaturgi, eller iscenesettinga, i reklamen som gjer bodskapen attraktiv for kunden og som gir produktet meirverdi.

Mediemiks

Marknadskommunikasjon kan skje via ulike kommunikasjonskanalar, som internett, sosiale medium, TV, radio, aviser og tidsskrift. Det kan ofte vere aktuelt å nytte fleire ulike kommunikasjonskanalar.

Samansetninga av kommunikasjonskanalar blir kalla mediemiks. Den mediemiksen vi vel for å nå målgruppa vår, kan til dømes vere annonsering via sosiale medium, avisannonsar, reklamefilm og radioreklame.

Val av kommunikasjonskanalar må vere nøye gjennomtenkte. Dersom vi slurvar med førearbeidet her, kan vi risikere å velje kommunikasjonskanalar som ikkje treffer målgruppa godt nok.

Verkar reklame?

Produsentane bruker mykje pengar på reklame. Derfor er det viktig å vite om reklamen verkar, om han har ein effekt. Ein måte å undersøkje effekten på er å sjekke om dei som bruker mykje pengar på reklame, faktisk sel meir. Ein meir forskingsbasert metode blir brukt av produsentar som driv med marknadsdsundersøkingar. På vegner av oppdragsgivarane sine ringjer dei rundt til eit stort utval personar for å sjekke kva for produkt folk kjenner til og kjøper.

Alle produkt du betaler for i butikken, har ein strekkode. Det du kanskje ikkje veit, er at når ekspeditøren skannar denne strekkoden, går informasjon om varekjøpet ditt direkte til eit byrå som analyserer kva for varer som sel. Det fortel korleis vi som forbrukarar oppfører oss.

Ulike former for reklame

  • Produktreklame

    Produktreklame fortel om eigenskapane til produktet og korleis det kan brukast. Det blir reklamert for ulike produkt i alle medium, anten ope eller skjult. Skjult reklamering kallar vi produktplassering. Dette er stadig vanlegare i spelefilmar, TV-seriar, musikkvideoar og teikneseriar.

  • Direktereklame

    Reklame som blir levert direkte i postkassa eller via telefon, aukar i omfang. Det er mogleg å reservere seg mot slik direktereklame, men mange aviser tilbyr annonsørar å leggje ved eigne annonsebilag som innstikk. Slik omgår ein reservasjonen til kunden.

  • Utandørsreklame

    Lysreklamar, reklamesøyler, reklame på bilar og bussar, veggflater osv. er eksempel på utandørsreklame. Kanskje går du sjølv også rundt som ein levande reklameplakat med klede som reklamerer for sitt eige produktnamn?

  • Personleg reklame

    Informasjon om bruk av Internett og sosiale nettverk har ført til at reklamen i dag ofte vender seg direkte til kunden, skreddarsydd for deg og dei interessene du har. Ei viktig inntektskjelde for Facebook er blant anna å selje vidare informasjon om profilen din til aktuelle annonsørar.

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2021