Oppgave
Lag ein noregsreklame!
Lag ein noregsreklame som du tilpassar ei sjølvvald målgruppe. Du kan velje om du vil lage reklamen digitalt eller på papir.
- Jobb i par eller sjølvstendig.
- Vel ei målgruppe å rette reklamen mot, til dømes amerikanske familiar eller asiatiske ungdommar.
- Undersøk på nettet kva denne målgruppa meiner om Noreg som destinasjon, og kva dei ønsker å oppleve på ein noregsferie. Kva er viktig for denne gruppa ved val av ferie?
- Undersøk òg kva som kjenneteiknar målgruppa, og "skreddarsy" reklamen ut frå det.
- Lag ein noregsreklame tilpassa målgruppa. Vel om du/de vil lage reklamen digitalt eller på papir.
- Framfør reklamen for klassa, og fortel om målgruppa og kva ønske og behov dei har.
- Avslutt gjerne med ein liten konkurranse om den finaste og mest gjennomtenkte reklamen.
Lykke til!