
Hugs: Dei beste intervjua er dei som går i djupna på nokre få spørsmål, ikkje dei som prøver å få med litt om alt.
Noter ned moment som kan hjelpe deg med å gjere teksten du skal skrive, til eit portrett.
Det aller viktigaste er sjølvsagt at du får med deg det personen seier. Det kan vere lurt å bruke opptaksfunksjonen på mobiltelefonen din. Då kan du ha penn og papir i tillegg for å notere ned observasjonar og skildringar.
Hugs: Nøyaktigheit og korrekt informasjon er like viktig i eit portrettintervju som i ein nyheitsartikkel.