Kommunikasjonsarbeid i Forsvaret

Forsvaret og kommunikasjonsarbeid
For offentlege styresmakter er det ei demokratisk plikt å gi god informasjon basert på openheit og innsyn. Det skal styrke tilliten innbyggarane har til demokratiet. Forsvaret er ein del av offentleg sektor og bruker mykje ressursar på kommunikasjonsarbeid.
No skal du undersøke og vurdere ulike informasjonstiltak som Forsvaret står bak.
Oppgåve 1. Omdømmebygging
Omdømmebygging er ein viktig del av informasjonsarbeidet i Forsvaret. Omdømmebygging handlar om å bygge eit godt forhold til omgivnadene og skape tillit. Dei positive sidene ved verksemda skal trekkast fram. Forsvaret vil fortelje befolkninga kva dei driv med.
Sjå filmen om Marinejegerkommandoen og reflekter omkring spørsmåla under:
Kva er formålet med denne informasjonsfilmen?
Kva for eit bilete teiknar Forsvaret av si eiga verksemd?
Kva for nokre etiske utfordringar ligg i det å skulle formidle bilete av øvingar og krigføring for å bygge eit positivt omdømme?
I kor stor grad opnar denne kommunikasjonen opp for kritiske haldningar og debatt om det Forsvaret driv med?
Oppgåve 2. Vurder informasjonsfilm
Kvifor skal Noreg eigentleg ha nye kampfly? Og nye avanserte ubåtar og overvakingsfly?
Sjå denne informasjonsfilmen frå Forsvaret og svar på spørsmåla under:
På kva måte blir du påverka av filmen?
Korleis fungerer informasjonstiltaket? Vurder informasjonsfilmen.
Filmen er laga for å rekruttere, informere og skape eit godt omdømme. Kor einig er du i biletet forsvaret teiknar av si eiga verksemd?
På kva måte kan denne informasjonsfilmen vere med på å styrke fellesskapet og demokratiet vårt?
Oppgåve 3. Retorikk og verkemiddel
a) Sjå filmen som vart publisert på Forsvarets Facebook-side 9. april 2021.
b) Les fagteksten "Retorikk i mediene og i medieuttrykk".
c) Svar på desse spørsmåla:
Kva appellformer speler Forsvaret på for å overtyde og påverke oss i denne filmen? Ta notat og finn konkrete døme frå filmen.
Korleis blir historiske bilete, lydar, musikk og sitat brukte for å forsterke bodskapen i forteljarstemma?
Korleis blir du påverka av informasjonsfilmen?
Presenter til slutt svara for sidekameraten.
Oppgåve 4. Studer innlegg på sosiale medium
Gå saman i grupper på tre. Finn døme på ulike innlegg frå Forsvaret på Facebook og Instagram.
a) Studer dei ulike innlegga og ta notat. Fokuser på desse punkta:
Kva er formålet med innlegget?
Kven er målgruppa for denne informasjonen?
På kva måte legg innlegget opp til dialog med målgruppa?
Kva verkemiddel blir nytta?
På kva måte kan dette innlegget vere med på å styrke tilliten innbyggarane har til Forsvaret?
b) Oppsummer og diskuter desse spørsmåla i klassen:
Kvifor er det viktig at Forsvaret held publikum orientert om kva dei driv med?
Vurder i kva grad informasjonstiltak frå Forsvaret fell inn under "openheit og innsyn i offentleg sektor"?
På kva måte kan openheit og innsyn i offentleg sektor styrke demokratiet?