Eigenvurdering for emnet opphavsrett - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet opphavsrett

Kva kan du om åndsverklova, opphavsrett og Creative Commons-lisensar? Finn ut om du har fått med deg det viktigaste i emnet om opphavsrett.

Kva har du lært om opphavsrett?

Her kan du sjekke kva du har fått med deg etter å ha arbeidd med dette emnet:

  • Eg kan definere opphavsrett.

  • Eg forstår kva som blir meint med opphavar.

  • Eg forstår kva som blir meint med åndsverk.

  • Eg kjenner til åndsverklova.

  • Eg kan vurdere om eige arbeid er eit åndsverk.

  • Eg kjenner til Creative Commons og dei ulike lisensane for å dele innhald.

  • Eg forstår kvifor det er naudsynt å merkje det eg produserer, med rett lisens.

  • Eg veit meir om musikk og opphavsrettar.

  • Eg kan definere omgrepa sitatrett og vernetid.

Fagomgrep

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022