Eigenvurdering av emnet norsk mediepolitikk og mediestruktur - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering av emnet norsk mediepolitikk og mediestruktur

Korleis kan staten sikre at media er relevante for alle grupper i samfunnet vårt? Og kva verkemiddel bruker styresmaktene i mediepolitikken? Gå gjennom punkta nedanfor, og vurder eiga forståing av emnet norsk mediepolitikk og mediestruktur.

Kva kan du om norsk mediepolitikk og mediestruktur?

Gå gjennom punkta og få oversikt:

  • Eg veit at norsk mediepolitikk handlar om at styresmaktene skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale.
  • Eg har lært at målet med mediepolitikk er å sikre ytringsfridom, mediemangfald og kvalitet i media.
  • Eg kan gjere greie for ulike mediepolitiske mål.
  • Eg kan gjere greie for ulike mediepolitiske verkemiddel.
  • Eg kan forklare betydninga av allmennkringkasting og mediemangfald.
  • Eg har fått kjennskap til kvifor mediestrukturen har betydning for demokratiet vårt.
  • Eg kan gjere greie for nokre forhold som kan påverke mediestrukturen i Noreg.
  • Eg veit at den digitale medieutviklinga har ført til store strukturelle endringar for media dei siste åra, og at dette òg må handterast mediepolitisk.

Omgrep

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021