Det journalistiske intervjuet
Film: Intervjuteknikk
I filmen nedanfor (lengde 4:55) fortel NRK-journalist Tuva Skog Christiansen korleis ho førebur, gjennomfører og bruker informasjonen frå eit journalistisk intervju inn i ei nyheitssak.
1. Førebu intervju
Du skal gjere eit journalistisk arbeid. Du set deg inn i temaet for saka du skal jobbe med, gjennom research. Du lagar ei fokussetning som hjelper deg å vinkle saka, skaffar intervjuobjekt, lagar spørsmål og gjennomfører intervjuet.
Research
Det engelske ordet research (på norsk "undersøking") blir brukt som eit fagomgrep i journalistikken om det arbeidet journalisten gjer med innsamling av data og bakgrunnsinformasjon i arbeidet med ei sak før ho blir publisert.
Gjennom research avdekker du kva saka handlar om, og kva sider ved saka det er viktigast å fokusere på. Du undersøker ulike kjelder og sjekkar at dei kjeldene du bygger saka på, er truverdige.
God research gjer historia di truverdig. Dersom du bli teken i å bruke udokumentert informasjon eller i å ha misforstått opplysningar, vil ikkje mottakarane ha tillit til det du formidlar.
Vinkling
Ei sak kan ha mange moglege sider, og dersom vi skal forhalde oss til alle sider ved ei sak samtidig, bli det komplisert både å formidle og forstå henne. Derfor er det lurt at du som journalist bestemmer deg for éi vinkling, altså at du tek utgangspunkt i eitt bestemt perspektiv.
Lag ei fokussetning som kan hjelpe deg med vinklinga. Skal du til dømes undersøke og formidle ei sak om fråværsgrensa, kan du ha hjelp av ei setning som til dømes "Fungerer fråværsgrensa slik ho er i dag?".
Vinklinga er ein del av researchfasen. Når du går inn i ei sak, finn du fort fram til kva som er interessant, relevante stemmer og fakta om saka. Den vidare researchen består då i å leite opp mest mogleg informasjon som kan hjelpe deg med å svare på fokussetninga.
Førebu spørsmål
Kva spørsmål skal du stille som journalist? Eit intervju gir deg høve til å samle informasjon som belyser vinklinga di på ei sak.
Still opne spørsmål som inviterer intervjuobjektet til å greie ut. Unngå lukka spørsmål som berre krev ja/nei-svar. Bruk heller dei seks hjelpeorda til journalisten: spørjeorda kva, kven, kvar, når, korleis, kvifor.
Prøv deg på å formulere spørsmål
Du skal formulere spørsmål for å undersøke om fråværsgrensa fungerer slik ho er i dag? Bruk hjelpeorda og formuler spørsmål.
Kva ...
Kven ...
Kvar ...
Når ...
Korleis ...
Kvifor ...
Oppfølgingsspørsmål
Skriv ned spørsmåla dine i forkant av eit intervju. Ver òg førebudd på at du vil få uventa informasjon. Då må du vere klar til å stille oppfølgingsspørsmål. Klarer du å vere førebudd òg på det før eit intervju? Når det er mogleg, er det lurt å førebu moglege oppfølgingsspørsmål.
Den enklaste regelen for å komme på dei gode spørsmålsorda er å spørje om det du lurer på sjølv. Spør og grav til historia heng saman. Deretter må du ordne fakta slik at historia blir mest mogleg lettfatteleg for målgruppa.
2. Intervjusituasjonen
Førebu deg på å legge til rette for at intervjuobjektet ditt skal kjenne seg trygg i situasjonen. Gjer klare avtalar. Avklar om det er i orden å ta mobilopptak, dersom du tenker å gjere det. Sørg for at intervjuet skjer ein stad utan for store forstyrringar, planlegg og førebu bilettaking dersom du òg treng bilete til saka. Ha utstyret i orden, og ver ute i god tid.
Ta deg tid under sjølve intervjuet til å stille alle spørsmåla du har, og ta notat. Hugs å takke intervjuobjektet ditt for tida og samarbeidet når du er ferdig med intervjuet.

3. Etterarbeidet
Arbeidet med vinkling held fram når du skal forme ut den journalistiske forteljinga. Når du først har valt ei vinkling, må du halde deg til henne og ikkje la deg freiste til å ta med noko som er "litt på sida", same kor interessant det er.
Disposisjon
Skriv ned eller rediger intervjuet så fort som mogleg etter at det er ferdig. Gå tilbake til fokussetninga di, bruk stikkord frå intervjuet og lytt til lydopptak.
Førebu skriving eller klippen med å setje opp ein disposisjon. Arbeidet går vidare ut på å samanlikne og samanstille informasjon. Bruk gjerne nyheitstrekanten eller APUS-modellen som hjelp til å strukturere informasjonen. Gi att informasjonen korrekt, for du vil sikre deg tilliten til mottakaren. Berre det å skrive namnet til ei kjelde feil kan vekke mistenksamheit.
Gjennomlesing
Nokre intervjuobjekt ønsker å lese gjennom intervjuet før det går på trykk, eller sjå innslaget før det blir sendt. Det er vanleg å komme slike ønske i møte når du tillegg ein person visse meiningar. Men hugs at intervjuobjektet ikkje kan "ta tilbake" det som er sagt og formulere det på nytt. Eit intervjuobjekt må stå for det hen seier i eit varsla intervju.
Til fordjuping: Lær meir om intervjuteknikk
Medietrenar og tidlegare journalist Steffen Fjærvik lærer deg meir om intervjuteknikk på nettsidene til Elevkanalen.
Danske aviser har laga eit ope undervisningstilbod til danske elevar på YouTube. På YouTube-kanalen Avisen i Undervisningen finn du undervisningsvideoar der kjende danske journalistar lærer deg meir om research og vinkling. YouTube-videoar kan innehalde reklame.
Sentrale fagomgrep
- disposisjon
- ein plan for korleis informasjonen i saka skal sorterast og presenterast
- fokussetning
- ei setning eller eit spørsmål som avgrensar og set retning for arbeidet med ei sak
- intervjuobjekt
- personen journalisten intervjuar for å få informasjon, erfaringar eller meiningar
- dei seks hjelpeorda til journalisten
- spørjeorda kva, kven, kvar, når, korleis og kvifor
- oppfølgingsspørsmål
- spørsmål som blir stilt for å utdjupe, forklare eller kontrollere noko intervjuobjektet har sagt
- research
- arbeid med innsamling og kjeldekritisk vurdering av informasjon
- vinkling
- den valde synsvinkelen for ei nyheitssak
- opne spørsmål
- spørsmål som inviterer til utfyllande svar; lukka spørsmål gir berre ja- eller nei-svar