Analyser og presenter data om mediebruk - Mediesamfunnet 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Analyser og presenter data om mediebruk

I denne oppgåva skal de bli kjende med og bruke statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om medievanane i Noreg. De skal sjå på prosentdelen som har brukt Internett, og kor mange minutt som blir brukte på Internett ein gjennomsnittsdag, fordelt på kjønn, alder og utdanning.

Oppgåva skal du løyse saman med to medelevar. Sidan dette er ei open oppgåve, må de diskutere dykk fram til korleis oppgåva bør løysast. De må lage eigne tabellar og analysere informasjonen i dei tabellane de har valt å lage.

Problemstillinga de skal finne svar på, er:

Korleis skil internettbruken til unge seg ut frå internettbruken i andre grupper i det norske samfunnet?

Den aktuelle tabellen finn de her: Norsk mediebarometer

  • Lag ein presentasjon for resten av klassen på ca. fem minutt, der de presenterer det de har komme fram til ved hjelp av tabellar, diagram og andre former for illustrasjonar. Her kan de bruke eit valfritt presentasjonsverktøy.
    Det kan vere ein vanleg PowerPoint- eller Prezi-presentasjon eller kanskje de tek utfordringa med å bruke eit infographic-verktøy.
  • Gjennomfør presentasjonen for resten av klassen. Alle i gruppa skal vere aktive under presentasjonen.
  • Når alle gruppene har presentert funna sine, diskuterer klassen seg fram til eit felles svar på problemstillinga.
Skrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2018