Tverrfaglege oppgåver til filmen Ellos eatnu – La elva leve - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tverrfaglege oppgåver til filmen Ellos eatnu – La elva leve

Filmen Ellos eatnu, La elva leve på norsk, tek utgangspunkt i konfliktane rundt utbygging av Alta–Kautokeino-vassdraget på 1970- og 1980-talet, men filmen handlar vel så mykje om å finne sin eigen identitet og om å tore å kjempe for han i møte med fordommar frå majoritetssamfunnet.

Sjå filmen Ellos eatnuLa elva leve (2023). Regissør og manusforfattar er Ole Giæver. Ella Marie Hætta Isaksen har hovudrolla som karakteren Ester. Filmen varer i 1 time og 58 minutt.

Som lærarvikar i Alta vel Ester å skjule at ho har samiske røter. Men det som skjer rundt ho, tvingar ho til å ta eit standpunkt, både til kven ho vil vere, og kva ho vil kjempe for.

Filmen er eit godt utgangspunkt for tverrfagleg samarbeid i fag som norsk, historie, samfunnskunnskap, sosiologi og sosialantropologi, kommunikasjon og kultur og mediefag. Filmen tek opp problemstillingar som er aktuelle i alle dei tre tverrfaglege emna demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring.

1. Aksjon som politisk verkemiddel

Ramma rundt filmen er Alta-aksjonen på 1970- og 1980-talet. Les meir om denne aksjonen på desse sidene i NDLA samfunnskunnskap:

  1. Kva handla Alta-konflikten om, og kva vart resultatet av denne aksjonen på kort sikt og på lengre sikt?

  2. I 2023 gjennomførte samiske aktivistar fleire ikkje-valdelege aksjonar retta mot utbygging og naturinngrep i det dei definerte som samiske område. Kva var formålet med desse aksjonane, og kva resultat fekk dei?

  3. I filmen oppfordrar dei som leiar aksjonen, til bruk av ikkje-vald i møte med politiet. Bør alle aksjonar vere ikkje-valdelege, eller bør det vere tillate å bruke vald når viktige verdiar står på spel? Diskuter dette i klassen.

Til fordjuping

I filmen følger vi Alta-aksjonsgruppa på veg til Oslo der dei møter sentrale politikarar og gjennomfører ein sveltestreik.

Samanlikn denne filmsekvensen med korleis ei liknande hending frå 1981 er framstilt i episode 7 av NRKs tv-serie Makta (2023). Korleis ser hendingane ut frå dei ulike perspektiva?

2. Kulturell identitet

  1. I den første delen av filmen opplever Ester fleire situasjonar der ho skammar seg over å vere same. Beskriv desse situasjonane og kva det er som skaper kjensla av skam.

  2. Vi får tankar om kven vi vil vere, og kven vi kan vere, gjennom rollemodellar og førebilete vi møter i samfunnet. Kva for rollemodellar blir viktige for Ester når ho skal finne sin eigen identitet?

  3. Kvifor er kufta så viktig for samisk identitet?

  4. Kvifor reagerer Ester så sterkt når politiet fjernar Mihkkals flagg?

  5. Kva trur du ville ha skjedd med det samiske språket, joiken, kufta og andre sider ved samisk kultur dersom ingen hadde forsvart rettane til samane på 1970- og 1980-talet?

3. Samisk språk og identitet

Samisk identitetspolitikk er eit hovudtema i filmen Ellos eatnu – La elva leve. Språk er sterkt knytt til identitet.

I ein periode på nesten 100 år førte norske styresmakter ein aktiv fornorskingspolitikk overfor samane og kvenane. Først i 1959 vart det opna for å bruke samisk som opplæringsspråk. I lov om grunnskolen av 1969 fekk endeleg alle barn i dei samiske områda rett til opplæring i samisk.

Sjå undervisningsfilmen Hjertespråket.

Video: APPLAUS! FILM&TV / CC BY-ND 4.0
  1. Diskuter med ein medelev: Kvifor er språket ein viktig del av identiteten vår?

  2. Esters mor har gifta seg på nytt etter at Esters far døydde, og i den nye heimen blir det berre snakka norsk. Korleis grunngir ho det for Ester?

  3. Som lærar i Alta jobbar Ester i eit norskspråkleg miljø. Kvifor trur du ho ikkje tør å innrømme at ho eigentleg er same?

  4. I klassen har Ester ein samegut som blir mobba av dei andre elevane; dei påstår at han ikkje kan snakke. Beskriv korleis du trur han opplever skulekvardagen sin, og korleis du trur det går med han som vaksen.

  5. Les NRKs forteljing "Det var ulovlig å være Agnete". Korleis har opplevingane i skuletida prega livet til 70 år gamle Agnes?

4. Karakterutvikling og filmatiske verkemiddel

  1. Det aller viktigaste i ei filmforteljing er korleis karakterane opptrer i møte med ulike utfordringar, og kva for endring dei går gjennom. Beskriv korleis desse karakterane endrar seg i løpet av filmen: Ester, Mihkkal (Esters fetter), Esters mor og Esters stefar.

  2. Det finst mange scenar i filmen som viser naturen i Finnmark. Kvifor er desse scenane så sentrale i filmen?

  3. Korleis er tempoet når desse scenane blir viste? Reflekter over korleis tempoet i klippinga styrer opplevinga vår av det som skjer i filmen.

  4. I ein scene tek Ester av seg støvlane og vassar ut i elva. Kvifor trur du ho gjer det?

  5. Handlinga i filmen går føre seg i 1970- og 1980-åra. Vel ut nokre scenar i filmen og beskriv ved hjelp av konkrete døme korleis kostyme og rekvisittar er med på å skape eit visuelt bilete av denne tidsperioden.

  6. Finn døme på bruk av symbol i filmen som gir uttrykk for samisk identitet.

5. Representasjon i mediebiletet

Forteljingar om den samiske minoriteten i Noreg har fått ein meir sentral plass i mediebiletet dei siste åra.

  1. Nyheitssaker i norske medium som handlar den samiske befolkninga, dreier seg ofte om konfliktar mellom urfolk og storsamfunnet. Finn døme på slike nyheitssaker. Kva handlar konfliktane om?

  2. Dei siste åra har vi fått fleire samiske spelefilmar. Finn døme på slike filmar. Kva er hovudtemaet i dei filmane du har på lista di?

  3. Samiske artistar har hevda seg i populærmusikken. Kva samiske artistar kjenner du til? Kva særpregar musikken deira?

  4. Ella Marie Hætta Isaksen speler hovudrolla i filmen Ellos eatnuLa elva leve. Ho er òg kjend som musikar i bandet ISÁK, som soloartist i NRKs musikkonkurranse Stjernekamp og som talsperson for aksjonistane i Fosen-aksjonen. I kva for ei av desse rollene har ho hatt sterkast gjennomslagskraft som talsperson for samiske interesser? Diskuter dette spørsmålet i klassen.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Ellos eatnu – La elva leve

Eit personleg drama om ein av dei viktigaste hendingane i historia om korleis samefolket har kjempa for rettane sine.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2024