Sosiale relasjonar og inkludering - Kva for roller har vi som elevar? - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Sosiale relasjonar og inkludering

Oppgåve

Kva for roller har vi som elevar?

Kva for roller har du på skulen og i kvardagen? Er det forskjell på kven du er på skulen og kven du er heime? Bli kjent med kvarandre ved å gjere ei øving med å kartleggje roller.

Oppgåve

Begynn med å notere nokre stikkord for deg sjølv. Gå deretter saman to og to og kartlegg kvarandre sine roller. Kanskje er det forskjell på kven de var på ungdomsskulen og kven de trur de skal vere no som de har begynt på vidaregåande?

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019